Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

President i Tsjekkia Milos Zeman kalla torsdag inn til pressekonferanse i hovudstaden Praha.

Den populistiske presidenten er frå før svært kontroversiell i Tsjekkia. Under årets presidentvalkamp var bodskapen til motstandarane enkelt og greit at dei ikkje var Zeman.

Presidenten har tidlegare uttalt at journalistar bør «likviderast». Vegetarianarar og avhaldsfolk fortener døden. Islam er i ferd med å utføra eit «super-holocaust» mot Europa.

Presidenten i Tsjekkia har i hovudsak ei seremoniell rolle. Zeman er likevel under mistanke for å ha gjort ein avtale med «Tsjekkias Trump» Andrej Babis for å få sistnemnde til makta.

Han er også sterkt imot økonomiske sanksjonar mot Russland, og meiner verda bør akseptera Russland si annektering av Krim-halvøya.

Sette fyr på enorme underbukser

Denne gong har Zeman overgått seg sjølv.

I staden for å tala til dei ankomne journalistane, fekk presidenten to brannfolk i verneutstyr til å tenna fyr på eit par enorme, raude underbukser.

I 2015 skal aktivistar visstnok ha heist dei same underbuksene opp utanfor eit stort slott i Praha, og med det erstatta det tsjekkiske flagget. Dei raude underbuksene var meint som kritikk av presidentens nære samband til Russland og Kina.

Då underbuksebrenninga var ferdig, kom presidenten med ein kort kommentar til dei oppmøtte journalistane:

– Eg er lei meg for å få dykk til å framstå som små idiotar. Dykk fortener det verkeleg ikkje.

Sjå video av hendinga her: