Fristad for trans*ungdom

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sommar er Hunderfossen vertsstad for ein leir der over femti ungdom samlast for å prate om kva det vil seie å vere trans*. Dette er den første leiren Skeiv Ungdom skipar til, som har trans* og kjønnsidentitet som tema, og trans*-ungdom som målgruppe.

Fellesskap på veg ut av skapet

I fjor fekk transpolitisk utval i organisasjonen Skeiv Ungdom ein ide. Kva med å lage ein eigen leir for alle som var trans*, eller som var oppteken av kjønnsidentitet?

Kathrine Veland sit i utvalet og er sjef for leiren, og fortel om bakgrunnen for ideen.

– Mange syns det er tøft å kome ut av skapet. Her vil vi lage eit fellesskap der folk kan vere seg sjølv, anten dei har kome ut av skapet eller ei.

Kathrine fortel at dei ville lage ein trygg plass der folk kunne vere seg sjølv i ein fellesskap der dei blei godteke. For mange skjuler at dei har eit anna kjønn enn det dei blei tildelt ved fødselen, og blant dei som er opne er det mange som er redde for andre sine reaksjonar.

– Vi har sett at mange frå denne gruppa syns det er skummelt å kome på våre vanlige sommarleirar, samstundes som det er eit stor behov for møteplassar for folka i denne gruppa.

Men før vi går vidare: Kven er denne gruppa? Eg ber Kathrine forklare omgrepet trans* for meg.

– Skeiv Ungdom nyttar ordet trans* om alle som heilt eller delvis, alltid eller av og til, definerer seg bort frå det kjønnet dei vart tildelte ved fødselen. Men det er ikkje alle i gruppa som kallar seg trans, sjølv om dei kanskje kan passe inn under omgrepet, forklarar Katrine.

Katrine understrekar forklarer at trans* er eit vidt omgrep som inkluderer både dei som føler kroppen deira har feil kjønn, og vil ha kjønnskorrigerande behandling, med eller utan kirurgi, og dei som berre vil kle seg og te seg på eit anna vis enn det som er norma for det kjønnet dei vart tildelt ved fødselen.

LES OGSÅ: Transformatoren

Nye ord og omgrep

Det er mange omgrep i sving i gangane på Nermo hotell, og mykje diskusjon om dei. Nokre kallar seg transmenn eller -kvinner, medan andre berre kallar seg gut eller jente.

I tillegg har alle deltakarane fått utdelt eit kort der det både står namn og kva pronomen deltakarane føretrekk. «Han», «ho» eller det kjønnsnøytrale «hen». Enkelte føretrekk å ikkje få noko pronomen brukt om seg i det heile teke.

Det vert kanskje litt å halde styr på, men slikt vert det når leiren skal vere ein plass der deltakarane sjølv får velje korleis andre skal møte og sjå dei. Som kvinne, som mann, eller som menneske uavhengig av kjønnskategoriar.

Vi blir med Kathrine ned i kjellaren på hotellet. Der deltek omlag halvparten av deltakarane samtalegruppe, der dei snakkar om røynslene sine med å bryte med kjønnsnormene, reaksjonane dei får og dei møta dei har med verda.

Etter kvart blir seks av deltakarane med opp på terrassen. Desse seks har alle meldt seg friviljug til å snakke om korleis det er å vere på ein leir som denne.

LES OGSÅ:Skeivt om skeiv litteratur

Avbrekk frå heime

Deltakarane er svært samstemte i lovprisinga si av leiren. Men kvifor er det så bra med ein slikt leir?

– Ingen dømmer meg her, seier Torjus.

– Det er fint å treffe likesinna, for det er ikkje så vanlig elles, held han fram.

Nett det er fleire av dei andre samde i.

– Det er fint å møte folk med same forståing av kjønn og kjønnsnormer, seier Tord Joensen.

– Det er ikkje alltid folk veit korleis eg har det, og då må ein gjerne forklare mykje først, før ein kan prate, seier han.

– Her kan vi gå meir rett på og snakke om det vi vil, og så forstår folk.

For Renate Andrea er det viktig at leiren er ein friplass.

– Her går det an å snakke om heilt andre ting. Det er eit avbrekk frå heime.

– Her slipp ein tanken på korleis ein blir møtt, heime må ein kjempe for å passe inn i ei rolle. Det kjenst ofte slitsamt og innestengt, seier Kai Pietschmann.

At ein kan snakke opent om røynslene sine, er noko av det viktigaste for Kai Rønning.

– Det er veldig frigjerande å kome hit, og veldig rart og fint å føle at ein kan snakke så opent om erfaringane sine, seier han.

– Her kan ein vere seg sjølv, utan at det vert noko problem. Det kan ein ikkje heime, avsluttar Cami Valenzuela.

LES OGSÅ:– Valet er mitt

(saka held fram under bildet)

 Frå venstre: Tord Joensen, Renate Andrea, Torjus Olsen, Lucas Stenseth, Kai Pietschmann, Cami Valenzuela og Kai Rønning.

Dårlege levekår for transfolk

Medan nokon er på samtalegruppe, speler andre golf. Leirsjef Kathrine følgjer meg ned på golfbana.

Der treff eg Line Halvorsrud og Christine Jentoft. Line er leiar i Skeiv Ungdom, medan Christine sit i transpolitisk utval. På leiren er ho mellom anna sjåfør og golfinstruktør.

Begge er samd om at leiren er viktig som møteplass og fristad for trans*-ungdom.

– Dette er ei gruppe med store utfordringar, både når det kjem til helse og levekår. Det synte levekårundersøkinga som kom i vinter, som var trist, men viktig, lesing, seier Line.

Kva utfordringar har desse gruppene?

– Det er utfordringar over heile linja, særskilt når det kjem til helse, både psykisk og somatisk. Mykje grunner i kunnskapsløyse og diskriminering, frå om lag alle instansar: Familie, skule, arbeidsliv, helsevesen.

– Mange droppar ut av skulen, og dei er underrepresentert på arbeidsmarknaden, seier hen.

– Samfunnet klarar ikkje å ta særskilt godt vare på denne gruppa som det er no. Både dei og utfordringane dei møter er veldig usynleggjort.

Fordi levekårundersøkinga synte så stor kunnskapsmangel om trans* og kjønnstematikk, meiner dei begge at er det viktig med ein leir der ungdomar kan få den informasjonen dei treng, og oppleve at dei ikkje er åleine.

LES OGSÅ:Frå skap til skap

Stå saman mot diskriminering

For tilskiparane er det viktig å skape ein trygg setting, og samhald i gruppa. For det er ikkje til å stikke under ein stol at det òg i små miljø kan bli kamp om definisjonar og rettar. Derfor meiner dei det er viktig å skape solidaritet ungdomane imellom.

Det kan verke som om tilskiparane har lukkast på dette punktet. Deltakarane sjølv meiner det har vore lærerikt og fint å treffe andre i både like og ulike situasjonar.

– Leiren har fått meg til å tenkje på min eigen situasjon på ein nye måte, gjennom til dømes å høyre om folk som har andre utfordringar, seier Cami Valenzuela.

– Det har vore fint å treffe folk å relatere til, og å lære skikkeleg om tema, som korleis ein skal deale med dysfori, seier Kai R.

For Tord har det vore viktig ikkje å berre treffe ungdomar, men òg vaksne som er trans*.

– Det har vore fint å treffe nokon som har kome seg gjennom prosessen. Å sjå at det går an.

Dessutan har han fått mange gode vener på leiren.

– Sjølv om eg ikkje kjente nokon på førehand, er vi blitt som ein stor familie, avsluttar han.