Fleire gauper i Skandinavia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den norske gaupebestanden har gått ned, men fleire registrerte familiegrupper av gaupe i Sverige sender den skandinaviske bestanden opp med 18 prosent, opplyser Rovdata.

Det vart estimert at det før jakt i år var til saman 273,5 familiegrupper av gaupe i Skandinavia, der halvparten er delt med Finland. Det er ein oppgang på 18 prosent, frå 232,5 familiegrupper i fjor.

– Bestandsregistreringa i vinter viser ein auke på 41 familiegrupper i Skandinavia frå i fjor. 52 av desse familiegruppene vart registrert i Noreg, medan 221,5 vart registrerte i Sverige. Dette gir ein bestand på i overkant av 300 gauper i Noreg og cirka 1.300 gauper i Sverige, seier leiar i Rovdat Jonas Kindberg.

Bestandsoppgangen i Skandinavia kjem trass i at det i vinter vart registrert 52 familiegrupper her i landet, som er ein nedgang på 14 prosent frå i fjor, og det lågaste talet på familiegrupper som er registrert på tolv år. (©NPK)