Viltkamera overraska gaupa. Sjå kva andre dyr viltkameraet har fanga få mil frå Oslo!
 

mm

Ein knapp månad etter at viltkamera vart sett opp i Hallingdal er den fyrste gaupa fanga på bilete, melder Hallingdølen.no.

På sjølvaste St. Hansaftan passerte ei einsleg gaupe eit viltkamera ved Bromma i Nes.

Mange dyr
I tillegg til biletet av gaupa har forskarane fått bilete av mellom anna elg, hjort, grevling og fleire mindre dyr og fuglar.

LES OGSÅ: Testar grensene på villmarkstur

Tidleg i juni vart det sett ut 30 automatiske viltkamera med rørslesensor. Desse kan nyttast for å overvake gaupe i samband med eit prosjekt Norsk institutt for naturforskning (NINA) har.

Gaupe tok rådyr framfor kamera
I tillegg er det sett opp fleire kamera i Akershus og Østfold.

– Så langt har vi fått snaut 500 bilder fra 7 ulike arter, fortel John Odden til NINA.no. Til no har NINA fått bilete eller film av gauper 25 gongar ved 14 av observasjonspostane. Det er registrert mor med ungar ved tre høve i Frogn, Oppegård og Vestby.

Ein av videoane viser unike bilete av ei gaupe som har tatt rådyr nesten rett ved viltkameraet, og som drar byttet rett foran kameraet! Videoen frå observasjonspost 54_1. fra 29. januar kan sjåast på den nye nettsida.

På NINA sine nettsider kan sjå bilete som har kome inn frå dei ulike postane!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

ANNONSE