Betalar du med kort, utan å putte kortet i terminalen? Då tæppar du

Har du betalt for ei vare ved å leggje kortet ditt oppå betalingsterminalen? Då har du tæppa, ifølgje BankAxept.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 17.06.2018 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Selskapet som formidlar betalingssystem til norsk handelsnæring har komme fram til at ordet «tæppe» skal bety kontaktlaus kortbetaling, slik ein ofte seier «trekkje» når ein drar kortet gjennom slissa i betalingsterminalen før ein tastar kode.

Med kontaktlaus betaling treng du verken trekkje kortet eller taste kode. Du held kortet framfor betalingsterminalen i kiosken, på kafeen eller på butikken, så blir beløpet belasta utan noko meir om og men. Metoden gjer betaling gjennomsnittleg ni sekund raskare enn med den tradisjonelle metoden for kortbetaling, ifølgje BankAxept.

Fornorsking av det engelske tap

Ordet tæppe – som er ei fornorsking av det engelske tap – var blant fleire tusen forslag som kom inn i konkurransen BankAxept utlyste på nettsida nyord.no nyleg.

– Både orda skanne og swipe kom høgt opp på lista, men ingen av desse orda er norske, og det gir heller ikkje ei korrekt beskriving av kva ein gjer. Engelske tap eller norske tæppe blir brukt i dag av fleire andre internasjonale aktørar for kontaktlaus betaling, seier kommunikasjons – og marknadssjef Frode Riis Andersen i BankAxept.

No er det omtrent tre millionar kontaktlause bankkort med Bank Axept i omløp i Noreg. Innan utgangen av 2018 er det venta at dette vil auke til fire millionar.

 Les også: 12 kule ord du berre finn på nynorsk