Frå hatytring til kjærleik


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det heile startar med at ein gjeng ønsker å arrangere den første Pride-festivalen i Ørsta/Volda. Mange meiner det er ein flott idé, men nokre, og spesielt éin meiner det er ein styggedom. Dette eine individet er ein konservativ pastor på Sunnmøre i frå ei meinigheit med namn Nytt Livs Senter.

Vedkomande gjekk raskt ut i lokalmedia og sa blant anna dette: «Dei homofile og lesbiske må få drive med det dei vil i det skjulte, men kvifor skal dei stå fram med parade for å profilere levesettet sitt? Er det for å verte fleire?».

Vidare forklarer han også at homofili er eit resultat av at Satan har tatt bustad i eit menneske. Paraden kan ifølge pastoren også påverke andre til å bli homofile og føre forbannelse over bygda, slik som i Gomorra og Sodoma.

ei hatytring endar opp med å bli ei stor drivkraft for likeverd og kjærleik.

Innlegget vekte stor oppsikt og svara kom fortløpande.

Blant anna kom alle sokneprestane på Søre Sunnmøre med eit motinnlegg der dei tok avstand i frå påstandane han hadde om kristendomen. I Aftenposten lurer ein ungdom på om han ikkje lenger er velkommen på bygda.

Bygdepride-leiar Anbjørn Steinholm Frislid gjekk i front saman med Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap), kulturminister Trine Skei Grande (V), landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) og Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp). Foto: Geir Egil Eiksund

Også landbruksminister, Jon Georg Dale, tok til motmæle i eit innlegg der han ytrer at han har blitt kjent med ein gud som er mykje mindre fordomsfull enn den guden pastoren kjenner. Debatten mellom desse to endar opp i Dagsnytt 18 og saka begynner for alvor å vekke nasjonal interesse.

Dette fungerer som bensin på bålet for arrangørane i Ørsta/Volda Pride-styret og festivalen skal gå føre seg frå 10-13. mai. I februar blir det også klart at kulturminister Trine Skei Grande skal halde appell på parade-dagen.

Så kjem nok ein protest i frå pastoren i Nytt Livs Senter. Denne gongen skal han arrangere Jesus-marsj for å markere sine meiningar. Protestmarsjen blei arrangert den 28. april med heile 30 deltakarar. Blant fanene og flagga i paraden kan ein sjå eit flagg i frå Israel, eit land som har årlig parade med opp mot 200.000 deltakarar.

Fredag 11. mai kjem dagen mange har venta på. Mange utflyttarar tek turen heim for å vise si støtte til arrangementet. For nokre er kanskje dette første gong dei føler seg skikkelig velkommen og trygge heime i bygda. Arrangørane var spent på oppmøtet. Eg må sei at eg også var det.

Resultatet er overveldande.

Godt over to tusen mennesker møtte opp for å gå i paraden for likeverdig kjærleik. Eit tal som 17. mai-toget i Volda berre kan drømme om. Det står også tusen mennesker langs vegen som vil vise si støtte for arrangementet. Det blir rett og slett ein stor folkefest. Kvinner, menn, unge og gamle i skjønn forening med eit ønske om å vise at kjærleiken er for alle.

Eg sjølv fekk dessverre aldri moglegheit til å vere med i paraden i heimbygda mi. Men det er sjeldan eg har følt på ei slik stoltheit av å vere i frå denne bygda på Sunnmøre, som eg gjorde den dagen.

det er sjeldan eg har følt på ei slik stoltheit av å vere i frå denne bygda på Sunnmøre, som eg gjorde den dagen.

Til slutt ønsker eg å sitere eit vers i frå Bibelen som blant anna pastoren i denne historia har som si heilage bok.

«Så blir dei ståande desse tre: tru, håp og kjærleik. Men størst av dei er kjærleiken».

Artikkelen er skrive for Changemaker-magasinet.