Ferjefri E39 blir truleg forseinka med 17 år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferjefri E39 kraftig forseinka

Statens vegvesen sleppte nyheita om at dei legg om strategien for det storstilte prosjektet, som Stoltenberg-regjeringa lanserte i 2013, på eit seminar 5. februar, skriv Klassekampen.

Sjølv med ei ferdigstilling i 2050, trengst det tre til seks gonger så store løyvingar til prosjektet enn det som er sett av fram til 2024, trur Vegvesenet. Kryssinga av Sognefjorden er det enkeltprosjektet som ligg dårlegast an.

Fylkesordførar Jon Aasen.

– Det som uroar meg, er at når noko blir skyvd så langt ut i tid, såhar vi ingen forsikringar om at alle prosjekta kjem på plass. Da blir det berre endå ein plan, seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal til Klassekampen.

Tidsfristen forsvann

Målet har i fleire nasjonale transportplanar vore at E39 skulle vere ferjefri innan 20 år. I den siste – Nasjonal transportplan 2018–2029, som kom i vinter – var framleis målet at E39 skulle bli ferjefri, men utan at det lenger vart sett nokon tidsfrist.

I rapporten “Utviklingsstrategi for ferjefri og utbedret E39”, som Vegvesenet la fram i februar 2016, stod likevel tjueårsmålet fast. Samtidig var kostnadstala justerte opp frå 150 milliardar til 340 milliardar kroner, noko som fekk fleire til å stegle. Statsminister Erna Solberg sa at kostnadane måtte ned.

– Fornuftig

Helge Orten (H).

Ifølgje avisa er ikkje Stortinget informert om den nye strategien, men leiaren i transport- og kommunikasjonskomiteen, Helge Orten (H), seier til avisa at det var nødvendig å endre strategien.

– Eg kjenner ikkje til kva som ligg til grunn for strategien. Sålenge dei prosjekta som er mest nyttige, kortar reisetida mest, har mest trafikk og knyter saman større arbeidsmarknadar, kjem først, verkar framdriftsplanen fornuftig, seier han.

Orten trur kryssing av Sognefjorden er blant dei prosjekta som må vente.

E39 mellom ferjene

Nestleiaren i komiteen, Jon Gunnes (V), spør seg om det kan vere rettare å prioritere vegane mellom dei store fjordkryssingane først.

– Dei som representerer næringslivet, meiner nok at dette er viktigast. Desse utbetringane, inkludert tunnelar og rasutsette strekningar, bør starte no, seier Gunnes til Klassekampen.

– Utsetjinga av ferjefri E39 opnar for eit viktig ordskifte om kva prosjekt som skal prioriterast, seier han. (©NPK)