Control alt delete – og finne ny sti


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Oida, det gikk visst galt». Dette «det» skjer innimellom når eg loggar meg inn på Netflix for å sjå på ein film eller ein episode av ein serie. Også skjer det vel kanskje innimellom andre gonger òg. Kanskje ikkje berre for meg, men òg for andre. Kanskje til og med er det ein del av det å vere menneske.

Nokre dagar går det bra, andre dagar går det gale. Nokre dagar er det berre å laste Netflix-sida inn på nytt. Andre gonger må eg la maskina få ein pause før eg prøver på nytt. La Netflix fikse opp sjølv, i sitt tempo. Men innimellom må eg òg hjelpe litt til. Kanskje lukke nokre andre program, skru av og på internett, eller kanskje skru av og på heile maskina.

Dra ut støpselet

Kanskje kan det vere slik for oss menneske òg av og til. Kanskje må vi liksom dra ut støpselet frå stikkontakten for å setje det i igjen. Kanskje setje det i igjen i same stikkontakt. Eller kanskje i ein annan. Kanskje ein som ein hadde gløymt at ein hadde, ein som ein har oversett, ein som ein ikkje visste at gjorde same nytten, eller ein som ein hadde gløymt at var trygg.

Eg har ei mor, og mor mi har ei syster, og systera til mor mi er klok. Mor mi kan òg vere klok, men akkurat no var det systera til mor, altså tanta mi, som sa noko lurt. Control alt delete, Vilde Amalie. Slette. For så å starte på nytt igjen. Og kanskje må vi det nokre gonger i livet. Kanskje kan ein klare det sjølv, eller kanskje treng ein nokon andre som kan hjelpe, på same måte som mac’en min av og til gjer. Trekke ut støpselet med oss. Hjelpe å finne stikkontakten som ein kanskje har gløymt eller mista eller oversett eller slutta å stole på.

Hjernen er stjerna

Hjernen er stjerna, for kva ville vi vore utan. Ikkje tankane, ikkje kjenslene, ikkje læringa, ikkje minna, ikkje reaksjonsmønstra, språket, planlegginga, vurderingane, vissa. Hjernen er stjerna, utan tvil. Men hjernen er ikkje alltid berre ei stjerne likevel: den kan kødde seg til, den òg iblant. Hadde det ikkje vore for hjernen, ville vi ikkje hatt læring. Og læring er kjempeviktig og kjempenyttig og kjempekult.

Men av og til lærer ein feil. Oisann. Kanskje kan læring sjåast på som ein sti. Etter som ein trakkar seg fram den same ruta gjentekne gonger, vil stien bli meir og meir tydeleg. Til slutt kan ein stå ved start og sjå kor ein skal ende og ein treng ikkje leite, for hallo, det er jo berre å gå rett på, stien fortel jo kva for ei rute du skal gå for deg. Ganske kult? Einig.

Men så: sjå for deg at du lærer at ein pluss ein blir tre. Gjentekne gonger. Trakkar og trakkar. Til slutt: ser éin pluss éin, tenkjer tre. Men oisann. For så var jo svaret to…

Ein må lage ein ny sti. Står ved éin pluss éin, ser tre, men skal ikkje dit, skal ikkje til tre, skal til to, som ikkje er der, men kvar er det då, nei eg veit ikkje, eller kanskje veit eg, og kanskje finn eg, eller kanskje finn eg etter litt leiting, kanskje etter mykje leiting, eller kanskje berre skimtar eg toaren, kanskje eg ser han av og til men ikkje alltid, kanskje må eg til og med ha nokon til å halde meg i handa for å sjå han ordentlig. Det er til og med lov å måtte ha nokon ved sida av seg som kviskrar i øyret òg av og til, og nokon som går ved sida av. Saman med. Ikkje for, men med.

Vi har kvarandre!

Saman med. Ganske fine ord. Same med «kvarandre». Kvarandre er eit av mine favorittord. Tenk å ha det privilegiet vi har som menneske: vi har kvarandre!

Andre, som er ulike, har ulike utfordringar, ulike gleder, ulike kjensler og tankar og minner og erfaringar og gleder og sorger og liv og alt. Men som samtidig, djupast sett, av art, er så like som ein sjølv. Som forstår det same språket, som har det same repertoaret av kjensler, som kan gå seg vill, som òg kan trenge andre til å leie seg inn på rett spor igjen, men kanskje ikkje er gått vill akkurat på same tid, eller akkurat på same stien, men som kanskje kan hjelpe meg, eller deg, eller nokon heilt andre, inn på toarstien om eg, eller du, eller han eller ho eller vi eller dei, har gløymt at den er trygg? Eller berre mista han litt av syne?

Om det skulle vere slik: klyp deg i armen. Og kjenn at du er menneske. Og at det er greitt. For det kan skje. Ein kan lære feil. Men feil kan reparerast. Og ein kan finne ein ny sti.

LES OGSÅ: Vitsen er å bera, og å bli boren