Sigrid er Push-artist for MTV i juni

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 09.06.2018 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er så glade for å kunngjere at MTVs Sigrid er vår MTV Push artist i juni, skriv MTV Music UK på heimesida si.

Kvar månad vel MTV push ein artist dei har stor tru på og som dei meiner er det neste store («The next big thing»).

Sigrid Solbakk Raabe (22) starta artist-karriera som 16-åring, og har dei siste åra gjort stor suksess. I 2013 vart ho kåra til Ukas urørt av NRK med låta «Sun», og dei siste åra har låtar som «Strangers» og «Don’t Kill My Vibe» (2017) gjort henne til ein internasjonal artist.

– Kult og rart å sjå seg sjølv på ein billboard i New York

– Det er skikkeleg kult, og litt rart å sjå seg sjølv på ein billboard i New York. Det er artig å få vere med på denne kampanjen, seier Sigrid til NRK.

Tidlegare Push-artistar er blant anna Justin Bieber, Bruno Mars og Rag’n Bone Man.

 Som ein del av kampanjen er ho òg å sjå på reklameskjermane på Times Square i New York.

– Times Square with MTV– thanks for letting me be the Push Artist of this month!, skriv ho på Instagram-kontoen sin.

https://www.instagram.com/p/BjuG2IbnP2b/?taken-by=thisissigrid