Sigrid er kåra til «BBC Sound of 2018»

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den norske popstjerna Sigrid Solbakk Raabe, betre kjent som Sigrid, er no kåra til «BBC sound of 2018». Det er ein årleg pris der BBC kårar den mest lovande artisten for det kommande året.

I selskap med Ellie Goulding, Adele og Mika

– Det er ei enorm ære, eg veit ikkje koss eg skal forklare det. (…) Eg hadde aldri trudd eg skulle få musikken min over sjøen, og no sit eg her som vinnar, sa hun til BBC da ho vann.

Den største låta hennar i 2017 var «Don’t Kill My Vibe», med 4,5 millonar visningar på youtube, og låta hennar «Strangers» har snart hatt 4 millonar visningar på youtube.

Tidlegare har namn som Ellie Goulding, Adele, Mika og 50 cent vunne kåringa.

Den nest yngste artisten nokon sinne

BBC melder at Sigrid som 21-åring er ein av dei yngste artistane nokon sinne som vinn denne kåringa, berre slått av Adele, som var 19 år da ho vann.
Annie Mac frå BBC 1, seier at Sigrid er «den perfekte popstjerna, og ei stor glede å spele på radio».

Sigrid vart først kjent då låta hennar «Sun» vart kåra til vekas urørt på P3 i 2013. I juli 2014 signerte ho for plateselskapet Petroleum Records, og sommaren 2014 spelte ho på fleire norske festivalar, blant anna på Øya-festivalen i Oslo.

I 2016 signerte ho for «Island records», der ho fekk internasjonal suksess med «Don’t kill my vibe». I november 2017 vart ho kåra til årets nykommar på P3 gull. For ei veke sidan var ho òg ein av ti artistar som amerikanske Billboard anbefalte å følge med på i 2018. På denne lista var òg norske Dagny med.