«RIP norsk» vann Holbergprisen i skulen
Elevar ved Heggen vidaregåande skule i Troms vann Holbergprisen i skulen med språkutvatningsprosjektet «Norsk holder 'basically' på å dø ut».


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«RIP norsk» vann Holbergprisen i skulen
Elin Haugum, Emilie Jensen og Adele F.E. Grønningsæther ved Heggen vidaregåande skule har forska på språkferdigheiter i norsk og engelsk og analysert korleis språkferdigheiter varierer med medievanar, kjønn og studieretning.
Eit overraskande funn er at mange av ungdommane i studien les raskare, og med betre leseforståing, på engelsk enn på norsk. Det gjeld tilsynelatande relativt fleire gutar enn jenter.
Holbergprisen i skulen er ein nasjonal årleg konkurranse for elevar i vidaregåande skule, der tolv skular blir plukka ut til å delta, og kvar skule sender inn tre prosjekt.
- Les også: Mista skrivegleda på vidaregåande.
Desse fekk andre- og tredjeplassen
Andrepremien i år gjekk til elevar frå Elvebakken vidaregåande skule i Oslo for forskingsprosjektet: «Regjeringskvartalet – åpent og inviterende eller lukket og ekskluderende?”.
Prosjektet tok utgangspunkt i Jens Stoltenbergs utsegn etter 22. juli om meir openheit og meir demokrati og spør om dette blir spegla i samfunnsdiskursen og i den estetiske profilen i vinnarforslaget til nytt regjeringskvartal.
Tredjeprisen gjekk til Herman Roll Ludvigsen ved Eikeli vidaregåande skule i Akershus. Hans prosjekt «Diskriminering i arbeidslivet» tar for seg om personar med minoritetsbakgrunn har dei same moglegheitene som andre.