Stortinget seier ja til å bruke klasserom til bønn og andakt i friminutt

Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag og andre skal få bruke skular og andre offentlege rom til bønn og andakt, meiner Stortinget.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I mars fremma KrF eit representantforslag i Stortinget der dei bad «regjeringa utarbeide nasjonale retningslinjer for barne- og ungdomsorganisasjonars tilgang til bruk av skular og andre offentlege rom».

Bakgrunnen var at Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag har opplevd at rektorar set foten ned for at dei kan samlast til bønn og andaktar i friminutta, skriv Dagen onsdag.

Saka har vore til behandling i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Barne- og ungdomsorganisasjonar skal få bruke klasserom

innstillinga , som vart klar tysdag, ber Stortinget regjeringa om å gå i dialog med KS (kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon) og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) for å sikre at barne- og ungdomsorganisasjonar får bruke klasserom til å møtast. Samtidig skal partane jobbe for å sikre seg at skuleeigarane ikkje bidrar til usakleg forskjellsbehandling ved utlån.

– I praksis betyr det at Stortinget ber regjeringa om å sette ned eit utval saman med KS og LNU der dei finn ut av korleis dei kan sikre seg at dette blir følgt opp, seier skulepolitisk talsperson Hans Fredrik Grøvan i Kristeleg Folkeparti til Dagen.

I det opphavlege representantforslaget frå KrF tok Grøvan til orde for at det måtte utarbeidast nasjonale retningslinjer, men innstillinga komiteen har komme fram til, er ikkje så forpliktande.

– Vi meiner at innstillinga Stortinget no gir regjeringa eit tydeleg nok signal. Heile komiteen stiller seg bak dette, seier Grøvan.

I 2012 fremma Frp eit forslag i Stortinget om å forby bønnerom i offentlege skular landet over. Den gong vart dei stemt ned av alle dei andre partia, skreiv Vårt Land i februar i fjor.