Defensiv i eige liv


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Av og til slår det meg: Kor mange av oss som er defensive i eigne liv. Det er nesten som å vere tilskodar på ei framsyning ein sjølv skulle spelt hovudrolla i, eller å sitje bak rattet på i ein bil ein sjølv fint kan køyre, men som ein set på autopilot.

Kvifor skal vi gidde å pugge replikkar og utfolde oss på ei scene, eller slite med å gire og gasse, når alt kan gjerast så mykje lettare?

«Slår av» tankar og følelsar?

Korleis vert vi defensive i eigne liv? Ein teori kan vere at vi møter motstand som er såpass tung og belastande at vi får behov for å «slå av» tankar og kjensler ei stund. Til tider kan det vere ein bra eigenskap, kanskje til og med nødvendig. Det er fyrst når ein held fram slik når det ikkje lenger er nødvendig, at det byrjar å verte skummelt. Då susar ein nemleg forbi bygder, fjelltoppar, skjergardar og små bukter, utan å leggje merke til dei ein gong.

Vi er ikkje reint få som har ein tendens til å døse bak rattet til tross for alt det vakre som finst rundt oss. Enkelte gjer det fordi det er lettare enn å køyre sjølv, andre gjer det for å overleve.

Lamma av alle inntrykka

Kvardagen vår er prega av at alle skal meine noko om alt vi er og alt vi gjer. Internett og media er som ei slynge som kastar brennande kuler i vår retning til ei kvar tid.

Bilete og tekstar viser kva vi bør gjere, kven vi bør vere og korleis vi bør leve liva våre. Vi veit at vi bør flykte frå bombardementet, men vert ståande lamma av alle inntrykka, midt i skotsona. Slik vert vi eksponerte for store mengder unødvendig informasjon, som i mange tilfelle får oss til å føle oss hardare skadde enn vi eigentleg er. Difor held vi fram med å vere defensive, levande blinkar for dei som skal selje og marknadsføre.

Internett og media er som ei slynge som kastar brennande kuler i vår retning til ei kvar tid.

LES OGSÅ: «Eg håpar det skal bli greitt å seie: – Eg jobbar med meg sjølv»

Lit på eigne ferdigheiter!

Det at vi er defensive, gjer oss til enkle bytte og offer. På same måte kan hendingar, opplevingar og minner lamme oss slik at vi vert verande der vi er. Vi må fokusere på vegen ut av skotsona, korleis vi kan verne oss sjølve og gjere det vi vil med livet vårt, ikkje berre akseptere at vi er blinkar.

Det er lett å slå seg til ro med offerrolla. Ein greier ikkje å tre ut av den før ein faktisk vil. Dersom ein sit bak rattet, kan ein sjølv styre bilen dit ein vil, enten det er rett i grøfta, over ein bakketopp eller ut mot havet til ein vekkgøymd stad der ein finn ro. Førarkortet er eit bevis på at vi kan. Vi må berre lite på eigne ferdigheiter og ikkje heile tida lene oss på at autopiloten, det ferdigprogrammerte. Tenk på alt det fine som finst utanfor E6-en! Ta av, sving til høgre og lev!

Les fleire tekstar av Karen Helset her!

Tenk på alt det fine som finst utanfor E6-en! Ta av, sving til høgre og lev!