Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 02.07.2018 19:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg syns det er ufeministisk å seie at ein ikkje kan vere feminist og vise fram kroppen sin, meiner Carina Carlsen.

Carlsen er kroppspositivist, feminist og burlesque-dansar. Ikkje sjeldan kler ho av seg på scena og dansar nesten naken framføre eit publikum.

– Eg blir kritisert for å tilfredsstille «det mannlege blikket» (sjå faktaboks). Men eg føler at eg heller gjer narr av det ved å sjå på det gjennom det «kvinnelege blikket», fortel ho, og forklarar vidare;

– Når eg går på scena, likar eg å spele på tradisjonelle kvinneroller, som husmor, skulejente eller misse-dronning, for så å snu opp ned på rolla. Som missedronning, til dømes, riv eg av meg kjolen og misse-krona medan eg et ein hamburgar.

– Feminisme handlar om å ha valmoglegheiter

Carlsen er ikkje aleine om å bli kritisert for å vise fram naken hud. I fjor poserte Emma Watson på framsida til motemagasinet Vanity Fair ikledd ei kort jakke som dekte delar av skodespelaren sine bryst. Bilete skapte enorme reaksjonar.

Watson er goodwill-ambassadør for UN Women, som skal styrke FN sin innsats for kvinner og likestilling. Kritikarane meinte at poseringa hennar var seksualiserande, og streid imot Watsons feministiske overtyding.

– Kva er gale med å posere på ein seksualisert måte viss det er det Watson vil? Feminisme handlar om å ha valmoglegheiter. Dersom du ikkje får lov til å ta et slikt bilete, meiner eg at vi har tatt eit steg til sida, og ikkje eit steg framover, meiner Carlsen.

Ikkje lenge etter Vanity Fair-magasinet med Watson på framsida blei publisert, tvitra den britiske journalisten og radioverten, Julia Hartley-Brewer, om Watsons framside.

Med ein ironisk tone meiner Hartley-Brewer at kvinner som viser nakenheit, i dette tilfelle bryst, ikkje kan bli tatt seriøst.

Nakne pupper = sex?

Den nakne kvinnekroppen har på mange måtar også blitt eit politisk symbol. På 1960-talet ville kvinnelege feministar vinne attende sin kropp, og begynte å nytte seg av den kontroversielle effekten nakne kvinnekroppar får.

I tillegg anerkjende dei at det ikkje er mogleg å separere kvinner sine politiske liv med kvinner sine kroppar, spesielt med tanke på seksualitet, prevensjonsmidla, valdtekt i ekteskapet og vald i heimen.

I vår tids feministiske rørsle, blir nakne kroppar ofte forbunde med profitt. Nakne puppar er ikkje lenger eit symbol på frigjering; det har blitt til ei seksuell handling.

Det prøver fleire organisasjonar og aktivistar å gjere noko med.

– Ei kvinnes nakenheit irriterer patriarkatet

Vår misjon er protest! Vårt våpen er nakne bryst!

Slik skildrar den internasjonale kvinnerørsla Femen sitt oppdrag. Dei bruker nakne kvinnekroppar for å få fram bodskapet sitt; å nedkjempe patriarkatet.  I likskap med feministane på 1960-talet, nyttar Femen seg av effekten brysta deira får.

Under eit politisk møte i Tyskland i 2013, i det Vladimir Putin og Angela Merkel skulle bli tatt bilete av, sprang Alexandra Shevchenko og andre medlemmar av Femen mot den russiske presidenten i protest mot det ho meiner er ein diskriminerande behandling av homoseksuelle i Russland.

– Når ei kvinnes nakenheit ikkje er kontrollert av menn, når ho ikkje brukar den til å underhalde menn eller til å gi dei seksuell nyting eller reklamere for produkt for menn – når ho brukar hennar seksualitet til hennar eigne politiske mål – det irriterer patriarkatet. Og du kan sjå eit resultat, sa Shevchenko til The Telegraph.

Fri brystvorta

Free the Nipple-kampanjen har fått mange kjendisar med på laget, men brukar ikkje kroppen som effekt. I staden jobbar dei for at det ikkje skal vere kontroversielt for kvinner å vise sine nakne bryster.

Dei meiner at kvinnelege brystvorter burde vere like lite seksualiserte som mannlege brystvorter, og jobbar blant anna for at det skal vere lovleg å legge ut bilete av nakne kvinnebryst på sosiale media.

I realized, nipples are just like opinions. We all have them, yet women have to hide theirs

Et innlegg delt av astrid_s (@astridsofficial)

– All nakenheit er ikkje seksuelt, meiner Carlsen.

– Menn slepp veldig lett unna med det. Ta til dømes Putin, som er blitt fotografert halvnaken på ein hest. Når han kler av seg blir sett på som eit symbol på makt, og ikkje sex.

– I tillegg treng ikkje all nakenheit vere noko politisk, men heller kva ein er komfortabel med sjølv.

Det mannlege blikket

  • På engelsk «the male gaze», kjem frå essayet Visual Pleasure and Narrative Cinema av Laura Mulvey, publisert I 1975.
  • Er først og fremst eit omgrep frå feministisk filmteori.
  • Omgrepet sikter til at all visuell kunst er strukturert rundt mannlege sjåarar, og viser verda ut i frå eit maskulint og heteroseksuelt synspunkt, vilkår og haldning der kvinner blir framstilt som objekt for mannens nyting.