Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det luksuriøse reisebyrået Blue Marble Private tilbyr guida turar ned til skipsvraket etter Titanic, som sokk i 1912.

– Færre folk har besøkt vraket etter Titanic, enn tal menneskje som har vært i verdsrommet eller på toppen av Mount Everest. Dette er ein éin-gong-i-livet oppleving, laga eksklusivt for dei med ekte eventyrlyst, skriv reisebyrået på nettstaden sin.

I april 1912 kolliderte Titanic med eit isfjell, og i løpet av to timar og 40 minutt låg «skipet som ikkje kunne søkke» på havbotnen. Skipsvraket blei funne meir enn 70 år seinare, omtrent 200 mil frå destinasjonen New York. Det er antatt at 1500 menneskje mista livet i ulukka.

Lik pris som i 1912

Blue Marble Private tilbyr ein ti dagar lang utflukt. Turistane blir frakta i ein yacht frå Newfoundland, Canada. På yachten blir dei ekspedert og kursa av såkalla oppdrag-spesialistar, som skal førebu dei på nedstiginga til havbotnen.

Ein liten ubåt vil frakte turistane ned til havets djup, der dei vil få 3 timar til å utforske vraket.

Titanic forliste i 1912, omtrent 600 kilometer frå New Foundland. Foto: Wikimedia Commons

Titanic forliste i 1912, omtrent 200 mil frå New York. Foto: Wikimedia Commons

– Under dykkinga vil mannskapet utføre 3D og 2D skanningar av skipets enorme propellar og andre kjennemerke, sånn at reisande kan oppleve heile skipet, fortel grunnleggjar av Blue Marble Private, Elizabeth Ellis, til CNN.

Til saman kostar dykketuren omtrent 850.000 kroner. Ifølge reisebyrået svarar det til prisen på ein billett til første klasse under skipets første, og einaste, tur frå England til New York i 1912.

– Er dette ein passande måte å hugse ulukka på?

Det er ikkje første gang det blir tilbode guida turar til den siste kvilestaden til Titanic. Deep Ocean Expeditions har arrangert fleire turar, den første i 2005.

Men ikkje alle er nøgd med reisetilbodet. Edward Kamuda, president av organisasjonen Titanic Historical Society, vil helst sjå at ekspedisjonane blir avslutta.

Edward Kamuda. Foto: Titanic Historical Society Inc.

Edward Kamuda. Foto: Titanic Historical Society Inc.

– Det er ein gravplass, kvifor skal vi forstyrre det? Ein gong reiste eit par ned til vraket og inngjekk ekteskap der. Cruiseskip reiser til åstaden og markerer jubileet med å skåle champagne. Er det verkeleg ein passande måte å hugse menneska som mista livet i denne ulukka? sa han til National Geographic.

Kva er greia med Titanic?

Mange skip har sokke, både før og etter Titanic. Kva er det som gjer at så mange blir fascinert av nettopp Titanic?

Professor i litteratur og forfattar av boka «The Titanic Story: Hard Choices, Dangerous Decisions», Stephen D. Fox, meiner det er fleire faktorar som speler inn.

Skipet sank på kort tid, men lenge nok til at passasjerane hadde tid til å innsjå kva som heldt på å skje, og kva dei kunne – og burde, gjere for å overleve.

Skulle dei ta ein plass på livbåten, eller gi den til nokon andre? Kven skulle dei i så fall redde?

I motsetning til, til dømes, ein bybrann eller jordskjelv som kan strekke seg over fleire kilometer, skjedde denne ulukka på eit avgrensa området. Og på dette vesle området var det folk i alle aldrar, kjønn og status.

Ikkje berre gir det eit grunnlag til å lage ein Oscar-vinnande spelefilm, det gir også rom for tankar og refleksjon rundt moral og verdigheit. Kven ville du vore i ei slik krise? Kva ville du gjort?

Det finst berre éi anna ulukke på nivå med Titanic, skriv Fox i CNN; Då tvillingtårna i New York blei trefte av to passasjerfly, 11. september 2001.

Titanic søkk. Foto: Wikimedia commons

Titanic søkk. Foto: Wikimedia commons