Overlevde Titanic og to verdskrigar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Overlevde Titanic

– Eg synest ikkje historia til Albert fortente å gå i gløymeboka. Ingen var nærmare til å ta den utfordringa enn ein av oss fem barnebarna, seier Dag Bertelsen.

Han har skrive boka «Titanic og to verdenskriger. Om Albert Moss og hans begivenhetsrike sjømannsliv.» I boka fortel han korleis bestefaren natt 15. april 1912 på mirakuløst vis redda livet ståande på kjølen av ein kantra livbåt i det iskalde Atlanterhavet.

Skylt over bord
29 år gamle Albert Moss (1882-1973) var ein av 31 norske passasjerar om bord i det nye superskipet. Han var sjømann på veg til Philadelphia i USA for å mønstra på dampskipet Norheim.

Saman med to norske kollegaer låg han i lugaren sin på nedste dekk, då Titanic støytte på eit isfjell. Han kom seg raskt ut, men som alle andre trudde han det skulle gå bra. Titanic var skipet som ikkje kunne søkkja. Albert undra seg likevel over kvifor dørene til dei vasstette skotta ikkje var lukka.

– Skipsverten svarte at dei elektriske leidningane til desse dørene ikkje var innlagt, fortel Bertelsen. Han meiner dette er ein klar indikasjon på at skipet ikkje var ferdig og at det kanskje kan ha ført til at skipet sokk fortare.

Livbåtane om bord var i første omgang reservert kvinner og barn og passasjerar på første og andre klasse, men Albert oppdaga ein ekstra livbåt. Saman med andre prøvde han å setja båten på sjø, men brått blei dei skylt over bord av ein brotsjø.

Kamp for livet
I det iskalde vatnet blei Albert liggjande å kjempa for livet. Han oppdaga så at mange hadde redda seg opp på ein kantra livbåt. Det skulle også bli redninga for Albert, men han var ikkje åleine om å prøva om å få plass på kjølen av båten.

– Dei som kom seg opp, måtte halda nykomarane unna, fortel Dag Bertelsen.

Det er fortalt at «hundrevis « av menn låg og sumde rundt den kvelva livbåten. Samtidig var mange hundre menneske framleis om bord på Titanic som reiste seg brattare og brattare i sjøen. Dei prøvde å klamra seg fast, men til slutt raste dei i vatnet. Skrika deira brende seg fast i minnet til Albert og dei andre overlevande resten av livet.

Åleine i mørket
Etter at Titanic var gått ned, var dei rundt tretti mennene på den kantra livbåten åleine i mørket. Om og når dei ville bli redda, var det ingen som visste.

Men då det lysna, kom nokre av livbåtane frå Titanic tilbake. Seinare på formiddagen blei dei plukka opp av redningsskipet Capathia som frakta dei rundt 700 overlevande frå Titanic til New York.

Der blei Albert og dei andre passasjerane frå Titanic innlagt på sjukehus. Etter to vekers rekonvalesens, reiste Albert til sjøs igjen som planlagt på DS «Norheim».

– Sjølv snakka Albert aldri om Titanic, seier Dag Bertelsen. Gjennom nokre få intervju bestefaren gav, har han likevel fått kjennskap til kva bestefaren opplevde.

Røynsle og flaks
Titanic var ikkje første gongen Albert Moss opplevde dramatikk til sjøs. Det skulle heller ikkje bli den siste. Året før overlevde han eit forlis ved Preston i England.

– Det gav kanskje Albert litt erfaring som han fekk nytte av då Titanic gjekk ned, meiner Dag Bertelsen.

Forslagssjef Max Hermansen i Sjømilitære Samfunds Forlag, som gjev ut boka, meiner Albert Moss er ein sjømann som har vore heldig og hatt mykje flaks.

Etter å ha overlevd Titanic-tragedien, segla han i utanriksfart både under første og andre verdskrigen. Fleire av skipa Albert segla med blei torpedert utan at han miste livet.

– Å klara seg både gjennom første og andre verdskrigen er utruleg flaks og ei stor bragd, meiner Hermansen. Han peikar på at nærmare 2.000 norske sjøfolk omkom i første verdskrigen og rundt 3.700 i andre verdskrigen.

– Viktig bok
Forlagssjefen meiner boka om Albert Moss er svært viktig.

– Medan det er over 300 bøker om motstandsrørsla, rundt 30 bøker om hæren og noko tilsvarande om flyvåpenet, er det fortalt svært lite om norske sjøfolk både i første og andre verdskrigen og elles, seier Hermansen.

Han meiner boka «Titanic og to verdskriger» er ein måte å æra norske sjøfolk på.

Faktaboks

Fakta om Titanic og forliset:
* Britisk passasjerskip. Ferdig 1912. Var den gongen det største og mest luksuriøse skipet i verda. Kjent som skipet som ikkje kunne søkkja.
* På jomfruturen frå Southampton til New York gjekk skipet på eit isfjell i Atlanteren og forliste.
* Rundt 1.500 av dei 2.207 passasjerane miste livet. 712 overlevde.
* 31 nordmenn var passasjerar på «Titanic». Ti av dei berga livet.