Filmen Tre nøtter til Askepott er for mange ein av dei aller viktigaste juletradisjonane. I januar er det 50 år sidan han første gong blei vist på norsk fjernsyn.
Året er 1973 og på grensa mellom Tsjekkoslovakia og Aust-Tyskland er dei i ferd med å etablere ein framtidig norsk juletradisjon. Eit klassisk eventyr i aust-europeisk vinterlandskap skal nokre få år seinare utgjere ein av dei viktigaste ingrediensane i den norske julefeiringa.
«Sot i fjeset, men ingen feier. Hatt med fjær, bue og pil, men ingen jeger. Kjole og slør, kantet med sølv, men ingen prinsesse.»
Om du ikkje kjenner att sitatet er du truleg ein av dei som gjer noko anna enn å sjå «Tre nøtter til Askepott» på fjernsyn klokka 11 på julaftan. Likevel set over 900.000 nordmenn kvart einaste år seg ned framfor fjernsynsskjermen for å sjå den tsjekkoslovakiske klassikaren. Kvifor?
Legendarisk dubbing
Eitt av elementa ein ikkje kjem utanom når ein snakkar om «Tre nøtter til Askepott» er dubbinga til skodespelar Knut Risan (1930–2011). På særeige vis dubbar han alle rollene i filmen – noko som har gjort til at dette kanskje er det han er best hugsa for som skodespelar. Men skal vi tru Risan sjølv var det ein rein slump at det vart han som enda opp som den norske Askepott-generalen. Til Aftenposten sa han dette i 2008:
– Eg var hos NRK for å dubbe ein annan film. Og så fekk vi nokre timar til overs. Då drog produsenten fram ein tsjekkisk film. «Eg har noko her, kanskje vi skal prøve den?» sa han.
Risan fekk ikkje å sjå filmen på førehand, men las opp replikkane etter kvart som scenene rulla over skjermen. Heile innspelinga var over på eit par timar.
– Det var nokså improvisert, det heile. Ikkje var det førebudd, og ikkje hadde vi spesielle forhåpningar til den heller. Men vi såg jo at det var ein vakker film, sa Risan til Aftenposten.
Tilfeldig
Ein vakker film og ei legendarisk forteljarstemme – kan den kombinasjonen vere nok til å skape ein norsk juletradisjon?
– Ja, meiner Sara Brinch, som er noko så sjeldan som ein norsk filmvitar som har fordjupa seg i «Tre nøtter til Askepott» på oppdrag frå Tsjekkisk filminstitutt.
På telefon frå Trondheim fortel ho om korleis den tsjekkoslovakiske eventyrfilmen fekk ein plass i hjarta våre.
– Vegen til tradisjon var nok litt tilfeldig, seier ho.
For då filmen for første gong blei sendt på norsk fjernsyn 3. januar 1975 var det noko heilt anna enn jul som gav han plass på skjermen.
– Ramma då var FNs kvinneår. Dette var eit eventyr med ei handlekraftig heltinne. Slik hadde ein ikkje sett i mange andre filmeventyr tidlegare, fortel Brinch.
Opprør
Først frå midten av 1980-talet og inn på 90-talet byrja filmen for alvor å etablere seg som ein juleklassikar. Sjølve lakmustesten på om filmen var blitt ein tradisjon kom då NRK fjerna han frå føremiddagsprogrammet sitt.
Då TV 2 blei etablert som ein konkurrent til NRK hausten 1992 bestemte rikskringkastaren seg året etter for ikkje å vise filmen.
– Dei meinte truleg at han ikkje var kommersiell nok og at han ikkje stod seg i konkurranse med den moderne utfordraren TV 2. Det utløyste ein sjåarstorm og NRK såg seg pent nøydd til å få filmen tilbake på julerepertoaret, fortel Brinch.
Ein ny æra
I 2021 kom ei norsk nyinnspeling av klassikaren. Den kan ein ironisk nok no finne på strøymetenesta til TV 2.
– Eg trur vi kjem til å sjå ei rørsle i retning av at det blir den nye norske filmen som vil vere den føretrekte eventyrfilmen i jula, særleg blant ungdom og unge vaksne – ikkje minst fordi artisten Astrid S speler Askepott. Samstundes står den gamle så tydeleg i juletradisjonen at fleire truleg kjem til å sjå begge, svarer Brinch på spørsmål om ho trur Askepott-tradisjonen kjem til å halde seg i åra framover.
Knut Risan døydde for fjorten år sidan og generasjonane som no benkar seg ned med Askepott har ikkje det same forholdet til skodespelar-legenda som ein hadde på 1990-talet.
Lineær-TV er òg eit utdøyande fenomen. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at 47 prosent av den norske befolkninga såg på lineær-TV i 2022. Det er ein betydeleg nedgang frå år 2000 då 82 prosent svarte det same.
Men jula er, og har alltid vore annleis – også når det gjeld skjermbruk.
– Det er noko spesielt med TV og høgtider. I høgtidene samlast familien rundt fjernsynet og ser program til faste tidspunkt, ofte program dei har sett før, seier filmvitar Sara Brinch.