Mount Everest har flytta på seg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje China Daily vart det 8.848 meter høge fjellet flytta 3 centimeter sørvestover under jordskjelvet, som vart målt til 7,8.

LES OGSÅ: – Mange har det vondt no

Mount Everest har lenge vore på veg nordaustover, men jordskjelvet reverserte dette, opplyser Kinas nasjonale senter for landmåling, kartlegging og geoinformasjon.

Fjellet har bevegd seg 40 centimeter nordaustover det siste tiåret, med ein fart på 4 centimeter i året. Det har også stige med 3 centimeter i same periode.

To kraftige jordskjelv, 25. april og 12. mai, drap meir enn 8.700 menneske i Nepal, utløyste ei rad store ras og øydela ein halv million bustadhus. (©NPK)

LES OGSÅ: Direkte frå Mount Everest