Du kan sende namnet ditt til sola!

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette oppdraget vil svare på spørsmål som forskarar har venta i tiår for å få svar på, seier Thomas Zurbuchen i ei pressemelding frå NASA.

Han er ein av dei som jobbar med å komme nærmare sola enn vi nokon gong har vore.

Romsonden er på størrelse med ein liten bil. Han skal fly rett gjennom solas atmosfære. Der skal sonden finne ut kor mykje energi og varme som strøymer gjennom den ytste delen av atmosfæren. Og kanskje kan vi lære kva som får solvindane og partiklar til å skyte fart.

Oppdraget kjem til å endre mykje om korleis vi forstår sola. Det er viktig, for endringar i sola kan spreie seg ut i solysystemet og også påverke jorda.

Skal halde romtemperatur

Romfartøyet skal halde ein fart på 690.000 km/t, og må ha karbonplater som tåler nesten 1400 grader celcius. Eit heilt nytt varmeskjold skal beskytte instrument som skal studere magnetiske felt, plasma, energipartiklar, og ta bilde av solvindar. Meininga er at utstyret skal vere i eit rom som ikkje er varmare enn vanleg romteperatur på jorda.

– Romsonden er, bokstavleg talt, det raskaste, heitaste, og kulaste oppdraget under sola, seier Nicola Fox, ein av forskarane på prosjektet.

Tar rennfart rundt Venus

Målet er å sende sonden ut i verdsrommet ein gong mellom 31. juli og 19. august i år. Allereie 1. november vil den vere inne i si første bane rundt sola.

Romfarkosten skal gå 24 gongar rundt sola og hentar fart ved å slynge seg rundt planeten Venus. Illustrasjon: NASA

19. desember i 2024 skal sonden vere på sitt næraste, om lag 5,9 millionar kilometer frå solas overflate. Det er åtte gongar nærare enn vi har vore før.

For å få det til må romsonden gradvis komme nærare. Han tar 24 rundar, og får ekstra fart ved å passere planeten Venus sju gongar.

Inviterer alle til å bli med

NASA inviterer alle til å bli med på reisa. Ved å fylle ut eit skjema blir namnet ditt registrert på ei databrikke som blir med på turen gjennom sola sin atmosfære.

Bli med til sola

  • Om du fyller ut dette skjemaet, blir namnet ditt med på turen til sola.