Fysikken som lokkar turistar til Noreg og som kan redde oss frå solstormar

Folk valfartar til Noreg frå heile verda for å sjå partiklar frå sola krasje med gassane i atmosfæren.

NPK- Kjell Åsmund Sunde
Publisert

Aurora borealis, betre kjent som nordlyset, er tradisjonelt eit mytisk og uforståeleg fenomen. I dag veit vi at fargedansen på himmelkvelven har ei heilt naturleg forklaring.

– Heilt enkelt forklart så er det lys som blir til fordi det i nokre tilfelle er partiklar frå sola som krasjar med gassane i atmosfæren.

Det seier vitskapsformidlar og forfattar Veronica Danielsen, som i desse dagar er aktuell med boka Nordlyset Aurora borealis, menneska, mytane og vitskapen, til Nynorsk pressekontor .

Turistmagnet

Vitskapsformidlar og forfattar Veronica Danielsen er aktuell med boka "Nordlyset Aurora borealis, menneska, mytane og vitskapen". | Foto Lina Hindrum

Ifølgje reisebarometeret til Innovasjon Noreg våren 2023 er det ingen andre opplevingar i Noreg som skapar meir reiselyst blant utanlandske turistar enn nordlyset. 58 prosent av alle potensielle turistar som vil til Noreg, ønskjer å sjå nordlyset på ferien sin.

Nordlysturistar brukar òg meir pengar enn den gjennomsnittlege noregsturisten. 37 prosent av dei som kjem for å sjå nordlys har kjøpt heile eller delar av ferien som ei pakkereise. Det betyr at nordlysturistane i snitt brukar i overkant av 1000 kroner per døgn på pakkereisa, ifølgje Innovasjon Noreg.

Til liks med turistane hadde også Danielsen eit sterkt ønske om å oppleve nordlyset på nært hald. Det ønsket blei òg ei av drivkreftene som førte henne inn i yrket ho har i dag.

– Når ein veks opp på Austlandet så ser ein jo ikkje nordlys. Far min er frå Nord-Noreg og han fortalde, men då vi drog på ferie til Nord-Noreg i sommarferien var det ingenting å sjå. Det blei eit mystisk fenomen for meg som eg hadde veldig lyst å oppleve sjølv, fortel vitskapsformidlaren.

Mystikk og myte

Dei av oss som har sett nordlyset på nært hald veit at dette kan vere ei mektig oppleving. Trass i at vi no forstår og veit at det er ei naturleg forklaring bak fenomenet er det ikkje vanskeleg å forstå at ein i tidlegare tider måtte finne på mytar for å forklare det som skjedde.

– Nordlyset er storslått når det verkeleg slår til. Det fyller heile himmelen og eg trur veldig mange då som no opplever det som noko magisk, seier Danielsen.

Nokre urbefolkningar i Amerika fortalde historier om at nordlyset var lyktene til ånder som skulle leie sjelene til dei nyleg avdøde gjennom mørket og inn i eit land av lys og overflod.

For samane var himmelfenomenet meir som eit spøkelsesaktig slør kor lyset var sjelene til dei døde.

Nordlyset har òg hatt ei rekke ulike namn tidlegare, og dei namna kan fortelje oss litt om kva ein trudde fenomenet var. I Noreg har nordlyset tidlegare gått under namn som vindlys og vêrlys. Det tyder på at folk i tidlegare tider såg på nordlyset som eit vêrfenomen. Det meir mytiske sildelys blei òg brukt i ein periode. Både i Noreg og i Sverige trudde ein at nordlyset var refleksjonar av store sildestimar i havet – og difor meinte ein at det ville lønne seg å fiske under nordlyset.

– Rørslene til nordlyset kan vere ganske organisk og mange seier det liknar flammar. Eg har høyrt om forsking som peikar på at folk som stirer på flammar blir veldig rolege. No er ikkje den same forskinga gjort på folk som ser på nordlys, men eg kan sjå for meg at det er litt av det same. For ein kan ikkje føresjå korleis nordlyset bevegar seg – slik som med flammane i eit bål, reflekterer Danielsen.

Vern mot solstormen

Nordlyset er ikkje berre flott å sjå på. Det kan òg vere med å gi oss verdifull kunnskap.

– Det forskarane er mest interesserte i no er korleis desse plasmapartiklane som skapar nordlyset påverkar teknologien vår. Det er problematisk viss dei for eksempel kjem og forstyrrar GPS-signala våre. Ein jobbar òg med å finne ut korleis ein betre kan føresjå solstormar, som i verste fall kan sette store delar av teknologien vår ut av spel. Om ein kan finne ut når desse kjem kan ein skru av elektronikken i satellittar slik at dei ikkje blir øydelagde. Vi er veldig avhengige av den typen teknologi, og vi kjem til å bli meir avhengige i framtida, seier Danielsen.

For å få betre oversikt treng ein fleire målestasjonar.

– Det vil gi oss meir data og forskarar elskar data. Samanliknar ein med talet på stasjonar for vêrvarsling er det relativt få målestasjonar for nordlys. Vi treng fleire stasjonar for å betre forståinga av korleis plasmapartiklane og magnetfeltet oppfører seg. For det har vi framleis ikkje heilt kontroll på, avsluttar Danielsen.