Utspørringa av Facebook-sjefen blei direktesendt 18:30 tysdag.

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Zuckerberg-grillinga direktesendt tysdag: Dette ville EU ha svar på

Det blei furore då det blei kjend at personopplysningane til 87 millionar borgarar hadde hamna i feil hender gjennom Facebook. Det var analyseselskapet Cambridge Analytica, som har tette koblingar til Trump-kampanjen, som hadde fått tilgang på personopplysningane.

Etter å ha blitt grilla i den amerikanske kongressen i mars, er Zuckerberg nå kalla inn til EU-parlamentet. Høyringa kunne du følga direkte frå 18:15 av tysdag.

Følg direktesendinga her.

Zuckerberg blei spurd ut av president for Europaparlamentet Antonio Tajani, sjefane for dei respektive partifraksjonane, samt utvalde enkeltmedlemer som er spesielt engasjerte i fagfeltet.

– Fleirtalet av Facebook sine brukarar kjem frå EU. Derfor er det heilt på sin plass at Zuckerberg nå må stå her i EU-parlamentet og svara for seg, uttalte Jan Philipp Albrecht frå Dei grøne i forkant av møtet til tyske Tagesschau.

Først og fremst at ein i framtida legg opp til ein forretningsmodell som ikkje bygger på å utnytta brukardata og privatsfæren til folk

Han håpte på meir oppklaring rundt skandalane som har florert i vår.

– At vi får meir innsyn i kva Facebook eigentleg har planlagt å gjera når det gjeld personvern. Og først og fremst at ein i framtida legg opp til ein forretningsmodell som ikkje bygger på å utnytta brukardata og privatsfæren til folk.

Europearar også råka

Omlag tre millionar europearar blei råka av personvernskandalen.

Vera Jourova er kommisær for justis- forbrukar- og jamstillingsspørsmål. Ho krev at Zuckerberg klargjer om liknande datalekkasjar kan komma til å gjenta seg.

I utgangspunktet skulle høyringa føregå bak lukka dører. Zuckerberg skal ha frykta å hamna i kryssforhøyr mellom høgre- og venstresida i parlamentet. Det ga store reaksjonar – ikkje minst fordi høyringa i den amerikanske kongressen blei direktesendt.

Spesielt den grøne partigruppa i parlamentet reagerte. Ein viste til at ein hemmeleg høyring i EU-parlamentet, som fokuserer tungt på å vera mest mogleg gjennomsiktig og open, ville tatt seg merkeleg ut.

Leiar for den liberale fraksjonen Guy Verhofstadt gjekk seinare inn for å boikotta høyringa dersom han ikkje blei opna for ålmenta.

På søndag kom avklaringa: President i EU-parlamentet Antonio Tajani ringte Facebook-sjefen. Kort tid seinare blei det klart at høyringa likevel skulle skje for opne dører.