Facebook har stengt over 1 milliard falske kontoar siste halvår

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei fråsegn tysdag gjorde Facebook greie for standardane sine mot seksuelle og valdelege bilde, terrorpropaganda og hatytringar.

Som eit svar på oppfordringa om openheit etter Cambridge Analytica-skandalen sa sosiale medium-giganten at dei 583 millionar kontoane som er stengde i første kvartal, kjem på toppen av millionar av forsøk på å lage falske kontoar kvar dag.

Framleis 3-4 prosent falske

Likevel utgjer falske kontoar framleis mellom 3 og 4 prosent av alle dei aktive Facebook-kontoane, vart det opplyst.

Falske Facebook-kontoar har fått meir merksemd den siste tida etter det vart avslørt at Russland brukte dei til å kjøpe annonsar for å påverke presidentvalet i USA i 2016.

Selskapet fortalde også at dei hadde sletta nesten 30 millionar innlegg som inneheldt seksuelle eller valdelege bilde, terrorpropaganda eller hatytringar. Kunstig intelligens har hjelpt Facebook til å ta grep om 3,4 millionar innlegg – det er ei tredobling frå siste kvartal i 2017.

Blokkert 200 applikasjonar

Informasjonen kjem dagen etter at Facebook uttalte at dei har blokkert 200 applikasjonar som følgje av etterforskinga om misbruk av private data.

Det uønskte innhaldet på Facebook frå januar til mars utgjer mellom 0,22 og 0,27 prosent av det totale innhaldet på det sosiale nettverket, som blir brukt av over to milliardar menneske.