Legofigurar løyser problem på arbeidsplassen

Legofigurar har perfekte hender til å halde ladekablar. Dei små heltane dukkar opp på fleire og fleire kontor etter at ein mikrobiolog delte ideen sin på Twitter.

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om berre tekstane mine fekk like god omtale, skriv Rebecca Shapiro på Twitter etter at ei rekke aviser har omtalt hennar vesle sideprosjekt.

Forskaren, som eigentleg driv med mikrobiologi, fann ut at ho kunne bruke legofigurar til å løyse eit problem. Ho har arbeidsbordet fullt av kablar som fell utfor kanten.

Ideen til Shapiro har inspirert mange andre som har leita fram eigne legofigurar for å halde ladekablane på plass. Her er nokre av dei:

Sjå fleire legoheltar her.