Fenomenet Fifty Shades of Grey er på veg til storskjermen. Då følgjer det sjølvsagt med ein legoversjon.

Faktaboks

Fifty Shades of Grey er ein bokserie, skriven av E. L. James.

Den har blitt eit fenomen over heile verda, og fått ekstra mykje merksemd for erotikken, og bondage-sex.

14. februar, sjølvaste Valentinsdagen, kjem ein film basert på boka.

LES FAKTALUKK FAKTA

Rett nok er det ikkje heile filmen som er gjenskapt av legoklossar (enno) – men her kan du sjå Antonio Toscano sin legoversjon av traileren til Fifty Shades of Grey.

Den heiter – sjølvsagt – Fifty Shades of Bricks:

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst

Videoen er laga av Antonio og Andrea Toscana, og har sidan den vart lagt ut for få dagar sidan blitt sett nær ein halv million gonger.

Antonio og Andrea Toscana har gjort stor suksess med legoversjonar av kjende filmtrailerar på Youtube.

Den mest populære av desse er ein legoversjon av traileren til Iron Man 3:

LES OGSÅ: Banar veg for heltinner

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE