LEGO-astronautar 32.000 meter til vêrs

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sendte opp LEGO-astronautar

– Det gjekk ufatteleg bra! seier Eirik Jåtten.

Sundag morgon var han og åtte ungar frå TeknoLab ved Jåtten skole med på å senda opp åtte LEGO-astronautar opp i verdsrommet.

Festa til ein vêrballong, hadde dei ei last på nesten 800 gram, inkludert eit 4K-kamera.

Sjå video frå ballongsleppet her:

Følgde ferda via satellittnavigasjon
På Jåtten skole følgde dei ferda opp og ned via satellittnavigasjon. I tillegg hadde dei også ein SMS-boks montert, som sendte status om ferda. Over 21 000 fot mista dei signalet, som venta.

Ballongen sprakk i stratosfæren i ei høgd på 32.000 meter. Då hadde ballongen vakse seg frå tre til ti meter i diameter, fortel Jåtten.

Fallskjermen montert i toppen kunne ikkje bremsa ballongen før han kom nærmare jorda og eit tjukkare luftlag. Men lasta kom trygt ned, saman med fire timar opptak frå luftferda.

Ferda opp tok om lag 3 timar, medan returen tilbake til jorda tok kring 45 minuttar.

Lasta blei funnen på Borestranda seinare på dagen – kring 20 kilometer sørvest for Jåtten skole (sjå bildet).

– Ho landa 200 meter utfor stranda, utanfor brenningane, men me var heldige som fekk hjelp av nokre surferar til å henta ho, fortel Eirik Jåtten.

 LES OGSÅ: LEGO vil droppa plasten

Oppmodar andre til å bli med
Utstyret dei har brukt kan no brukast på dei nær seksti skulane som er knytt til TeknoLab-stiftinga, seier Jåtten.

Ifølgje Jåtten var det ikkje berre-berre å få lov til å senda opp vêrballongen.

– Det var ei lita papirmølle på vegen, men ballonansvarleg i Avinor hjelpte til med å finna ut av reglar og skjema.

Bakgrunnen for etableringa av TeknoLab var eit ønske frå foreldre om å bidra til å heva kvaliteten på undervisinga til elevane innan realfaga. Målet er å gi elevane optimale høve for læring, ved at skulane tar i bruk nye og moderne undervisingsverktøy.

– Eg oppmodar andre til å hiva seg med. Det er mykje læring ein kan ta inn i dette, anten det er om fysikk, atmosfæren, lufttrykk eller verdsrommet, seier Eirik Jåtten som til vanleg er rektor ved Revheim ungdomsskole i Stavanger – og far til ein av elevane på Jåtten skole.

LES OGSÅ: Brage Johansen frå Sola vann tur til verdsrommet

  Rett før ballongen blei sendt opp sundag morgon.