Fred i Colombia – steg for steg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Acuerdo ya! (Avtale no!). Guerra núnca más! (Aldri meir krig!).  Sí a la paz! (Ja til freden!).

Slike rop ljomar i dei travle gatene i Bogotá, godt akkompagnert av drønnande trommer, ulande gasshorn og skingrande metallfløyter. Det er onsdag ettermiddag, og sola kikar fram att etter at skyene har dusja byen som dei plar gjere i morgontimane.

Normalt ville det ha vore stille på denne tida av døgeret. Rushtrafikken startar ikkje før om eit par timar. Til vanleg er dette den rolege tida etter lunsj, nokre timar før dei fleste av byens om lag 10 millionar menneske reiser heim frå jobb og skule. Vêret er den viktigaste forandringa frå dag til dag.

Men ikkje i dag.

Årets Operasjon Dagsverk går til å byggja fred i Colombia. Les meir om det her!

Eit vegskilje for Colombia
Ting har ikkje vore heilt normalt den siste tida, med ei rekke protestar, oppheita diskusjonar både offentleg og privat, og høg aktivitet på sosiale medium. Den massive merksemda frå internasjonale medium har understreka det same.

Colombia står ved eit vegskilje, og ungdommane i landet ynskjer å ta del i arbeidet med å stake ut retninga. Framtida tilhøyrer trass alt dei.

IMG_4643
Folk tar til gatene for å slutte opp om freden i Bogotá, Colombia.

Symbolsk makt
– Vi er her for å uttrykke støtte til avtalen frå Havana. Den er den beste garantien vår for å få slutt på krigen i Colombia, ein krig som har vart i over 50 år, seier studenten Lorena Vallejo (25).

Ho meiner det er viktig med demonstrasjonar, slik som blometog, fordi det ligg mykje makt i kunst og i symbolikk.

– Dei kvite blomane symboliserer fred. Overalt i dette toget ser du slike blomar. Dette er det sivile samfunnet sin måte å legge press på myndighetene for at dei skal få gjennom fredsavtalen, seier ho.

Les også: Operasjon Dagsverk og SAIH er skuffa over at det blei nei til fredsavtalen i Colombia

– Speler på frykt
– Diskriminering er den mest grunnleggande forma for vald. Som studentar og medlem av LHBT-samfunnet er vi her for å vise støtte til ofra. Fordi også våre offer tel. Kvinner og LHBT-personar har blitt særleg ramma av krigen, og difor må den ta slutt nå, seier student og koordinator for støttegruppa for voldsofre ved Colombias Nasjonale Universitet, Felipe Rojas Riando (28).

Han trur det er mange grunnar til at «nei»-sida vant, men legg spesielt vekt på det han meiner er løgn og feilinformasjon levert av ei gruppe menneske som speler på frykt.

– Dette handler om frykt for ein misforstått kjønnsideologi, frykt for noko som ikke eksisterer. Frykten er eit våpen dei nyttar mot oss. Vi trur på like rettar for alle, og vi trur fred er den rette vegen fremover, legg han til.

IMG_5317
Eg er kvinne, eg er fred, er slagordet til desse kvinnene i fredsmarsjen.

Rettferdig fred
Ikkje alle er med og marsjerer. Under folkerøystinga 2. oktober vant «nei»-tilhengjarane med eit knapt fleirtal. 50,2 prosent stemte mot fredsavtalen og 49,8 prosent stemte for – ein skilnad på 54.000 stemmer.

Sjølv om «ja»-sida på førehand hadde marginane på si side, viser tala at mange er i mot den gjeldande fredsavtalen. «Nei»-tilhengarane ynskjer seg det dei meiner er ein meir rettferdig avtale.

– Det kan vere fint med denne typen demonstrasjoner for å legge press på styresmaktene, men eg vel å ikkje delta i dag. Eg har viktigare ting å bruke tida mi på. Eg har nokre prøvar i morgen, og må få lese til desse, sier studenten Camila Artis (18).

Ved folkerøystinga stilte kun 13 av 35 millioner opp ved valurnene. Somme hevdar avtalen vart avvist fordi president Juan Manuel Santos – som nyleg fekk tildlet Nobels fredspris for sin innsats i fredsprossen – er nokså upopulær hos delar av folket. Andre meiner folk ikkje har tilggjeve FARC for smertane og skadane dei har påført innbyggjarar over hele landet, og at det må strengare vilkår til før folket aksepterer ein avtale.

IMG_5163
Arbeidarar i Colombia seier ja til freden.

Teikn til optimisme
Det står att å sjå om Colombia vil lukkast med ein ny avtale. Tidlegare denne månaden vart det kjent at myndigheitene vil ta opp att fredsforhandlingar med ei anna av dei store geriljagruppene i landet, ELN (Ejército de Liberación Nacional – Den nasjonale frigjeringshæren).

Like etter kunngjorde president Santos at våpenkvila med FARC vert forlenga til 31. desember, noko som truleg vil bidra til eit betre klima rundt forhandlingane om ein ny fredsavtale.

Meldinga frå studentane og dei unge veljarane i Bogotá er uansett klar:

– Vi vil ha fred! Vi vil ha fred no! Og vi kjem til å fortsette å marsjere til vi vert høyrt!

Synspunkta i denne teksten er forfattarens eigne og representerer ikkje synspunkta til Røde Kors.

Les også: Ungdomar jublar for Nobelprisen til Colombia

Faktaboks

Regjeringa i Colombia og FARC – den største geriljagruppa i landet – har vore i konflikt sidan 1964

Over 220.000 menneske er drepne og over 7 millioner menneske er drivne på flukt

Norge har saman med Cuba vore tilretteleggarar for fredsforhandlingane, som har føregått i det skjulte sidan 2012

26. september i år vart fredsavtalen signert i Cartagena, Colombia. 2.oktober stemte eit flertal av folket «nei» til den same avtalen. Nye forhandlingar er i gang, og våpenkvila er forlenga til 31. desember.