Elevorganisasjonen vil ha ny eksamensform

Elevorganisasjonen meiner eksamensforma ein har i dag er for dårleg fordi dagsforma til elevane kan avgjere kva vidaregåande skule ein kjem inn på. No vil dei endre eksamensforma.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påtroppande leiar i Elevorgansiasjonen, Agathe Waage. Foto: Eilert Isaksen-Warth

– Eksamenskarakteren er med på å avgjere kva for eit karaktersnitt du får til slutt, og dermed kva skule du kjem inn på. Eksamenskarakteren tel like mykje som standpunktkarakteren. Det du har prestert den eine eksamensdagen, betyr altså like mykje som det du har prestert gjennom skuleåret, seier Agathe Waage, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen til NRK.

Elevorganisasjonen meiner eksamenskarakteren ikkje reflekterer det elevane faktisk kan.

– Ordninga er urettferdig og utdatert. Det kan vere heilt tilfeldig om du kjem opp i eit fag du er flink i, eller om du kjem opp i det eine faget du slit ordentleg med. Vi meiner ein bør ha ei eksamensordning med ei vurdering der ein leverer arbeid over lenger tid, slik at eksamenskarakteren ikkje er avhengig av dagsform, seier Waage. (©NPK)

SJÅ TIPS TIL EKSAMEN HER!