Dubie Toa-Kwapong
Publisert
Oppdatert 03.06.2018 20:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Danmark anerkjenner ein mørk del av si historie

Danmark har fått sin fyrste offentlege statue av ei svart kvinne. Statuen er av Mary Thomas. I 1878 leia Thomas, saman med to andre kvinner, arbeidaropprøret «Fireburn» mot danske kolonimaktar på øya St. Croix. Skulpturen vart avdekt som avslutninga på 100 års-markeringa av ei viktig hending i dansk historie – då landet på 3. mars 1917 selde tre av sine karibiske koloniar, St. Croix, St. John og St. Thomas til USA for 25 millionar dollar. Desse øyane er i dag kjend som Jomfruøyane, eller United States Virgin Islands.

Viktig del av norsk historie òg

Dette er òg ein viktig del av norsk historie, for i store delar av denne tida var Noreg i union med Danmark. Før Danmark selde øyane til USA vart dei kalla Danish West Indies of the Kingdom of Denmark–Norway.

Danmark var ein sentral del av den transatlantiske slavehandelen og seinare den europeiske koloniseringsprosjektet, med særleg stor verknad frå 1672 til 1917. I dag er Danmark eit velståande land som mange ynskjer å etterlikne. Landet føretrekkjer å framstille seg som eit demokratisk førebilete og ein forkjempar for rettferd. Det er overraskande få som veit om denne delen av landet si historie, eller forstår at mykje av landets økonomiske grunnlag er basert på inntekter frå denne perioden.

Teikninga av «Dronning» Mary Thomas, ein av leiarane av opprøret i 1878. Først publisert av Ch. E. Taylor i Leaflets from the Danish Westindies, 1888. Foto: Wikipedia

Gjorde opprør

Danmark avskaffa offisielt trafikken av menneske frå Afrika i 1792, men forbodet vart ikkje teke på alvor før i 1803, og slaveriet heldt fram i danske koloniar fram til 1848. Målet var å sørgje for at landet hadde nok slavar til å halde plantasjane i solid drift, seier Niels Brimnes, ein professor og forskar ved universitet i Århus. Tredve år etter slaveriet vart avskaffa, levde tidlegare slavar framleis under brutale tilstandar og strenge arbeidsvilkår.

Det var denne urettferda som Mary Thomas og andre tidlegare slavar gjorde oppstand mot på St. Croix i 1878. Thomas vart stilt for retten for rolla som leiar i Fireburn-opprøret. Ho fekk ein livsdom og vart sendt til eit kvinnefengsel i Københamn i 1882. I 1887 vart ho sendt tilbake til St. Croix, der ho sona resten av livsdomen hennar. Hø døydde i 1905.

Måleri av sukkerplantansjen Morgenstierne på St. Croix. Bilde av Frederik von Scholten.

Vil skape nasjonal samtale

Statuen har fått namnet I am Queen Mary. Bak kunstverket står to svarte kvinnelege kunstnarar, Jeannette Ehlers frå Danmark og La Vaughn Belle frå Jomfruøyane. Skulpturen hentar inspirasjon frå eit ikonisk bilete av Black Panther Party-gründer Huey P. Newton. Thomas held ein arbeidsreiskap og ei lykt i hendene sine, døme på strategiar arbeidarane brukte under oppstanden.

Ehlers og Vaughan håpar statuen vil skape ein nasjonal samtale i Danmark og feste denne delen av verdshistoria i landet sitt kollektive minne. Dei ynskjer å utfordre måten det danske samfunnet ser på seg sjølv. Ifylgje kunstnarane er skulpturen òg «eit kunstverk for framtida,» sjølv om den tek føre seg historiske hendingar. Forhåpentlegvis er dette eit steg mot at Danmark byrjar å reflektere over den koloniale utvidinga, og vurderar kva dette betyr for noverande danske territorium som Grønland.

Statuen I am Queen Mary står utanfor Vestindisk Pakhus, som tidlegare var eit lagerhus for sukker og rom frå Karibien, og ligg mindre enn 2 kilometer frå fengselet Thomas sat i.  Prosjektet er sponsa av Statens Museum for Kunst og ActionAid.

LES OGSÅ: Slavehandelen som aldri tok slutt

LES OGSÅ: Digitale slavar av historiske traume