Desse ungdomane får vera med i eit nytt talentprogram for moderne norsk tradisjonsdans
FRIKAR X har plukka ut kandidatane som legg ut på turné i september.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei er med i nytt talentprogram for moderne norsk tradisjonsdans
Programmet er eit tilbod til nyutdanna, norske dansekunstnarar på nasjonalt toppnivå med internasjonale ambisjonar.
Kompaniet FRIKAR blei stifta av Hallgrim Hansegård i 2006 og er det leiande, profesjonelle dansekompaniet for moderne tradisjonsdans her i landet.
Hansegård har lenge sett eit behov for å styrkje satsinga på talent innan fri rørslekunst.
– Deltakarane i programmet er svært motiverte og har allereie hatt sine første treningsøkter, seier Hansegård i ei pressemelding.
– Dei vil få profesjonell erfaring på toppnivå gjennom arbeid med tre eigne produksjonar og eit eige utviklingsprogram. Den første produksjonen – SLEPP – har førpremiere i september og skal turnere i utandørs treningsparkar i Oppland med ei blanding av samtidsdans og parkour, fortel Hansegård.