Vassendgutane veit dei trakkar rett ut i det med låten «Metoo», som dei fredag slapp som første singel frå det kommande albumet «Du & Ej & Metoo».
NPK-NTB
NPK-NTB

Vokalist og låtskriv Sindre Aam skreiv festcountrylåten før jul i fjor, med ein tekst som blant anna går slik: Livet må gå vidare, sjølv om nokon har teke deg på raua. Og det er nok ikkje berre karar som tek.

Til Sunnmørsposten uttaler Aam at enkelte har meint Vassendgutane burde droppe denne låten.

– Enkelte har meint Vassendgutane burde droppe denne låten, har frontmann og låtskrivar Sindre Aam sagt til Sunnmørsposten. I staden gir dei heile albumet namn etter songen. Foto: Handout

– Bikkar over

– Det gjer meg berre endå meir sikker på at vi er på rett spor. Vassendgutane har alltid brukt mange av låtane til å kommentere ting i samfunnet. Med låten «Metoo» gjer vi det igjen, med det skråblikket vi meiner må til for å nyansere temaet, seier Aam, som overfor avisa sørgjer for å understreke at han synest det var heilt på sin plass å sette fokus på temaet seksuell trakassering.

– Men så er det at du får følelsen av at det bikkar over, og at einsidig fokus dermed får nye og kanskje uante konsekvensar. At det i nokre tilfelle ser ut til at folk blir redde for i det heile tatt å røre kvarandre, ja, til og med snakke med kvarandre, seier Aam til Sunnmørsposten.

Hektisk år

Fansen lèt til å vende tommelen opp for singelen, å dømme etter kommentarfeltet på Facebook-sida til bandet.

Manageren skriv i pressemeldinga at det går mot eit hektisk år for bandet, som slepper det niande albumet 25. mai. Dei tar med seg bygdehumor og festcountry til Rockefeller i Oslo 1. juni som del av turneen dei har kalla «Helane i Taket». (©NPK)

LES HISTORIA OM TARANA BURKE OG KORLEIS HO STARTA METOO-RØRSLA!

ANNONSE