Forskar Simen Markussen og kollegaene hans ved Frischsenteret samanlikna utviklinga av kriminalitet og skulegang blant gutar mellom 18 og 21 år i kommunar med og utan krav om aktivitetsplikt. Dei tok for seg åra 1994 til 2004. I kommunar med aktivitetskrav fall talet på ungdommar med siktingar med over 12 prosent, skriv Dagens Næringsliv.
Forskarane ville bekrefte om ein mogleg konsekvens av plikta var auke i vinningskriminalitet blant dei som ikkje fekk sosialhjelp.
– Tvert imot ser det ut som det har veldig positive verknaden. Det er vanskeleg å forstå det på nokon annan måte. Det er faktisk nedgang i kriminalitet over heile fjøla, seier Markussen.
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) er veldig fornøgd med resultata.
– Ingenting gler meg meir, seier Hauglie.
SV er imot den blinde aktivitetsplikta og vil ha eit meir fleksibelt system.
– Vi er pådrivarar for å betre oppfølging og betre tiltak retta mot ungdom, men forskjellen på modellen til regjeringa og det å gi den enkelte saksbehandlar moglegheit til å stille krav, er at då ser ein mennesket, seier nestleiar Kirsti Bergstø.
LES OGSÅ: Ungdom som går vidaregåande skule er mindre kriminelle