Eksamenstips frå dei som skreiv beste norskeksamen

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle tre fekk karakteren seks i hovudstilane sine på norskeksamen på vidaregåande skole. Og alle tre vann pris for beste oppgåvetekst, kåra av Oos’ legat.

Her gir dei råd og fortel korleis dei jobbar før og under eksamen.

Før eksamen: Få oversikt.

Kathrine:

Eg prøver å få kontroll på pensum, få oversikt over periodar, lese retorikk, og sørge for at all teorien er i boks.

Sofie:

Eg har brukt å fokusere på tilbakemeldingar eg har fått frå lærarane under tidlegare oppgåver. Eg set opp det lærarane har trekt ut som positivt og negativt i ei liste, og så brukar eg det når eg førebur meg.

Linn:

Eg tek pensum og prøver å trekke parallellar til moderne kontekst. Om vi har jobba mykje med norsk språkhistorie, så ser eg på korleis det er i dag. Det er alltid lurt å ha oversikt.

Under eksamen:

Korleis jobbar de når de har fått utlevert eksamensoppgåva?

Kathrine:

Kathrine Tranøy lagar tankekart når ho byrjar å skrive eksamensoppgåve. Foto: Beate Haugtrø

Når eg har fått oppgåva, brukar eg å lage tankekart.

Først tenker eg på det som er mest knytta akkurat til oppgåva. Så trekker eg linjer til andre ting som ikkje står i oppgåva for å skape ei heilheit.

Etter det skriv eg ein disposisjon, der eg trekker ut hovudpunktane eg vil ha med. Så legg eg til underpunkt og undertema eg vil ha med. Om eg ikkje skriv hovudpunktane først, blir det mange tankar eg ikkje klarar å sortere. Når eg har hovudpunktane kan eg putte underpunkta inn i disposisjonen.

Sofie:

Sofie Fagervoll Heltne. Foto: Beate Haugtrø

Eg gjer mykje det samme. Eg bruker å lese igjennom alle oppgåvene og lagar tankekart der eg skriv opp alt eg tenker på rundt oppgåva. Då finn eg ut kva for oppgåve som passar best.

Så prøver eg å finne ein disposisjon der eg lagar temasetningar til kvart avsnitt. Eg finn ut kva konklusjonen skal vere, så eg får strukturert stoffet. Om eg hadde skrive alt ned med ein gong, hadde det vorte mykje tankar og rot.

Linn:

Linn Antonie Vårdal Solheim prøver å trekke parallellar frå pensum til dagens kontekst. Foto: Beate Haugtrø

Eg gjer mykje det same. Og om eg står fast, så byrjer eg å skrive ned den tanken eg har der og då. Så eg held på med noko og ikkje blir sittande fast. Eg bruker òg å skrive for hand om eg står fast og ikkje veit kva eg skal skrive. Det er betre å gjere noko aktivt istaden for å berre sitte og tenke.

Undervegs:

– Kva er viktigast medan de jobbar?

Kathrine:

Å skrive noko heile tida medan ein jobbar. Som Linn seier, så er det bra å skrive noko sjølv om ein ikkje har det klart, for å få i gang tankeprosessane.

Og så er det bra å ta pausar, så ein får frisk luft, ete mat, og kobla av.

Når ein vurderer oppgåva, er det bra å ha eit ope syn. Ikkje ha tunnelsyn og låse seg fast i ein tanke. Det er òg lurt å trekke linjer frå andre ting som ikkje nødvendigvis er pensum.

Om ein tenker «dette må vere bra» når ein skriv, så blir ein veldig fastlåst. Hugs at fordi ein har pc så kan ein berre viske ut igjen.

Ein siste ting å merke seg, er at både Kathrine og Linn et mykje druer undervegs. Om det er med og påverkar resultatet, let vi stå ubesvart.