Den generelle delen av inntekta nordmenn brukar på bustad har gått ned frå 18,9 prosent i 2008 til 14,3 prosent i 2016.
NPK-NTB
NPK-NTB

I 2015 låg talet på 15,5 prosent, ifølgje levekårsundersøkinga frå Eurostat. Ifølgje tal frå Eiendom Norge, har bustadprisane i Noreg auka med 160 prosent frå 2003 til i dag. I den same perioden har gjelda til nordmenn fordobla seg, skriv Klassekampen. Men låge bustadlånsrenter gir lågare bukostnader.

Trass i lågare bukostnader er seniorrådgjevar i SSB Tor Morten Normann bekymra over nordmenns låneopptak. I 2015 hadde hushalda i gjennomsnitt 1,3 millionar kroner i gjeld, ei dobling frå 2004.

– Den auka gjeldsbelastinga er skummel. Dersom renta går kraftig opp, vil bustadutgiftene også auke kraftig. Det er styrkar og svakheiter med den norske bustadmodellen, men dette er heilt klart ei utfordring med den, seier Normann.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE