Norsk politi får bruke elektrosjokkvåpen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politidirektoratet starta i fjor ei utgreiing om bruk av elektrosjokkvåpen, og frå 1. januar 2019 vil fire av politidistrikta sette i gang med prøveordninga.

Slike våpen blir brukte blant anna i USA, Finland og England, og erfaringane frå andre land gjer at Noreg ønsker å teste ut bruken, melder NRK.

– Vi ser at dette er eit maktmiddel som politiet i andre land har tatt i bruk med gode resultat. Det gir mindre skadar enn enkelte andre maktmiddel som politiet tradisjonelt brukar, seier beredskapsdirektør i Politidirektoratet Knut Smedsrud.

Amnesty: – Må behandlast som eit dødeleg våpen

Elektrosjokkvåpen gir ein støyt på 50.000 volt, og Amnesty International er bekymra og understrekar at eit slikt våpen må behandlast som om det skulle vere eit dødeleg våpen.

– Det er viktig at ein tar innover seg at elektrosjokkvåpen kan påføre menneske veldig alvorlege skadar. Det kan til og med føre til død. Det skal handterast på akkurat same måte som eit skytevåpen, og berre brukast i dei same situasjonane som ein hadde bruk eit skytevåpen i – og ikkje noko anna, seier politisk rådgivar Gerald Folkvord i Amnesty International.