Meir enn 11.500 ungdommar blir konfirmert humanistisk om våren og hausten. Det er ny rekord.
mm

Talet svarar til 18,6 prosent av alle norske 15-åringar, melder Human-Etisk Forbund (HEF).

Generalsekretær Trond Enger i HEF er strålande nøgd med at nesten ein av fem vel humanistisk konfirmasjon.

– Informasjonssamfunn krev at ungdommar tidleg lærer seg å tenkje kritisk og sjølvstendig. Kursa våre skal gi unge sjølvtillit til å ha eigne meiningar, pirre nysgjerrigheita deira og trene evna til refleksjon, seier Enger.

Fylket med den høgste delen humanistiske konfirmantar er Vestfold med 27,4 prosent. Deretter følgjer Akershus med 25,2 og Oslo der 23,6 prosent av dei som fyller 15 i 2018 har valt humanistisk konfirmasjon. Finnmark og Sogn og Fjordane ligg lågast med ein del på høvesvis 9,7 og 7,3 prosent.

Val, kritisk tenking og meininga med livet

Humanistisk konfirmasjon, som tidlegare var kjent som borgarleg konfirmasjon, har eksistert sidan 1951. Den gangen heitte kurset «Kurs i godt medborgerskap», og sidan har over 260.000 ungdommar blitt konfirmert på denne måten.

– Sjølv om kurset har endra seg med åra, er tema som val, kritisk tenking og meininga med livet framleis like viktig for ungdommar å reflektere over. Gjennom ein humanistisk konfirmasjon får dei sjansen til å diskutere desse spørsmåla med andre konfirmantar, seier Enger.

Delen 15-åringar som konfirmerer seg i regi av Den norske kyrkja låg i fjor på 57,5 prosent, eit fall på kring 10 prosentpoeng frå 2007.

LES OGSÅ

ANNONSE