Rekordtal for humanetikarar
5.250 personar melde seg inn i Human-Etisk Forbund i 2016.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det einaste året i historia til Human-Etisk Forbund der forbundet har hatt fleire innmeldingar på eitt år var i 1983, skriv Fri Tanke.
Men samtidig som innmeldingstalet aukar, melder fleire seg ut. I fjor valde omkring 2.400 personar å melde seg ut, noko som er fleire enn vanleg. Netto fekk forbundet 2.350 nye medlemmer i fjor. Medlemstalet ved årsskiftet var 87.650.
Kommunikasjonssjef i Human-Etisk Forbund, Agnieszka Bryn, trur jubileum og høg aktivitet forklarer mykje av auken.
– 2016 har vore eit spesielt år med mykje aktivitet. Vi har hatt 60-årsjubileum i tillegg har vi markert at vi har hatt 250.000 konfirmantar, seier ho.
LES OGSÅ: Human-Etisk Forbund får religionskritikk-refs av eigen ungdomsorganisasjon
Kommunikasjonssjefen trur også debatten rundt katolikkane si registrering av folk utan deira samtykke, i tillegg til prosessen rundt statskyrkjeordninga har gjort at fleire er blitt medvitne på kvar dei står livssynsmessig. Den nye utmeldingssid a til den norske kyrkja på nettet har hatt lite å seie, meiner Bryn.
– Berre eit lite mindretal av dei over 40.000 som melde seg ut av kyrkja i 2016, melde seg inn hos oss. Vi fekk kanskje nokre hundre ekstra medlemmer på grunn av dette, seier ho.
LES OGSÅ: Over 40.000 har meldt seg ut av kyrkja