Éin av fem vel borgarleg konfirmasjon

I alt 11.288 fjortenåringar har meldt seg på til humanistisk konfirmasjon i 2018 før fristen gjekk ut 1. oktober. Det er nesten ein femdel av årskullet og rekord, fortel Human-Etisk Forbund.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år har 10.509 ungdommar vald å konfirmere seg borgarleg, noko som er om lag 17,4 prosent av årskullet.

Neste år har 18,2 av årskullet meld seg på til humanistisk konfirmasjon, skriv Fritanke.no.

På grunn av den nye folkeregisterlova kunne Human-Etisk Forbund (HEF) og andre livssynssamfunn i år ikkje hente ut adressene til fjortenåringane frå folkeregisteret og sende ut brev, slik dei har gjort før. Det har organisasjonen vore spent på om kom til å ha nokon effekt.

Organisasjonen har prøvd å kompensere gjennom andre typar kampanjar, fortel seremonirådgivar i HEF Siri Sandberg.

– Vi har satsa på å vere synlege i sosiale medium. Vi har hatt film, bilete og artiklar som vi har delt i sosiale medium, og som har vore retta mot målgruppa og foreldra deira. Kommunikasjonsavdelinga har òg laga annonsar og plakatar som lokallaga har kunna bruke, seier Sandberg til Fritanke.no.