Den nye leiaren vil jobbe for at moderorganisasjonen skal ta standpunkt om aktiv dødshjelp.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 21.05.2024 08:05

– Eg vil seie at den første gongen eg blei ordentleg engasjert i ei sak, var då debatten om skulegudstenester kom opp på ungdomsskulen min. Eg hadde aldri vore på ei skulegudsteneste tidlegare, då eg ikkje er religiøs, men då skulen min ikkje gav oss eit godt alternativt opplegg, starta engasjementet. Etter det gjekk eg til rektor for å klage.

Fakta

Alder: 19 

Personleg pronomen: Ho/henne

Frå: Eg budde dei første åtte åra av livet utanfor Bergen, men etter det flytta eg til Ulefoss i Telemark.

Yrke/utdanning: Eg har vitnemål frå vidaregåande der eg gjekk studiespesialisering og no tar eg ein bachelor i sosiologi.

Favorittfag på skulen: Sosialkunnskap og politikk

Medlem i: Humanistisk Ungdom, Human Etisk Forbund, NTL ung

Verv: Politisk nestleiar Humanistisk Ungdom (startar som leiar i juni), frivilligansvarleg på Sogn Studentbar

Då Maja Solerød fann ein ungdomsorganisasjon som kjempa for dei same sakene som ho brydde seg om, vaks engasjementet enda meir. Og det har det halde fram med, for i juni tar ho over som leiar for Humanistisk Ungdom. 

Nettopp skulegudstenester og religion i skulen er ei av hjartesakene til den nyvalde leiaren.

– Unge skal ikkje føle eit press frå skulen til å delta i religiøse markeringar eller føle på at deira livssyn ikkje er likestilt i skuletimane. Noreg skal vere eit livssynsnøytralt land og dermed er det tragisk at dette ikkje er reflektert i skulekvardagen, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Kvinnehelse på agendaen

19-åringen brenn elles for auka fokus på kvinnehelse og ei revidering av abortlova.

– Det at gravide personar må stå framføre ei nemnd om dei ikkje oppdagar graviditeten tidleg nok er heilt surrealistisk, spesielt når grensa per dags dato berre er på tolv veker. Dette er noko som må endrast i mine auge.

Kvinnehelse er òg ei av sakene Humanistisk Ungdom på landsmøtet vedtok at dei skal fokusere på dei komande åra. Solerød etterlyser meir likestilt forsking.

– Heilt sidan mennesket byrja med forsking har kvinners rolle vore nedprioritert. Ein forskar ikkje nok på kvinner, og dette har ført til at kvinner har større sannsyn for å døy i bilulykker eller ikkje vite symptom på hjarteinfarkt. Dette er det viktig at vi gjer noko med. Kvinner utgjer 50 prosent av verdas befolkning, og det må visast i forskinga.

Aktiv dødshjelp

Dei andre sakene som blir viktige for Humanistisk Ungdom anno 2024, er religion- og livssyn i skulen og vitskapsforståing. Med sosiale medium og den digitale kvardagen, er ein meir utsett for feilinformasjon

Illustrasjon som syner at ho foretrekker katt over hund, New York over hyttelur og pizza over taco.

Unge treng gode verktøy som kan brukast til å forstå kva som er korrekt, og skulen må bli enda flinkare til å lære bort kritisk tenking.

Den nye leiaren av Humanistisk Ungdom vil elles jobbe med å få moderorganisasjonen Human-Etisk Forbund til å ta eit standpunkt om aktiv dødshjelp.

– Dette er ei sak som er viktig for oss, og som den største humanistorganisasjonen i verda er det feigt at Human-Etisk Forbund ikkje har tatt eit standpunkt om denne saka. Det er noko eg vil prøve å få endra.

– Den tøffaste og sterkaste personen eg kjenner

Maja Solerød ønskjer å vere ein leiar som folk kan stole på. Som styreleiar er det viktig å vere ein talsperson for sentrale politiske saker, men ho er òg oppteken av å ta vare på organisasjonen.

– Eg ønsker at alle i Humanistisk Ungdom føler at dei kan kome til meg dersom det skulle vere noko, og at eg er ein rettferdig leiar. Det er viktig å vere inkluderande og vise at alle innspel og tankar er viktige.

Samstundes vil ho vere ein leiar som kan stå i og for det organisasjonen vil.

– Eg vil jobbe hardt for kampsakene som organisasjonen vil ha. Eg vil vere ein leiar som Humanistisk Ungdom kan vere stolt av.

Den påtroppande leiaren synest det er vanskeleg å nemne berre eitt førebilete, for ho ser opp til mange personar av ulike grunnar. Solerød vil likevel trekke fram mora si, som har lært ho mykje om korleis ho skal nå måla sine.

– Ho er den tøffaste og sterkaste personen eg kjenner, men ho er også utruleg rettferdig og ein gledesspreiar for alle rundt seg. Denne gode balansen er noko som eg ønsker å ta med vidare. 

Kvinner og sushi er kome for å bli

Om Maja kunne invitert kven som helst på middag, hadde valet falle på Anna Rogstad. Ho vil høyre om korleis det var å vere den første kvinna på Stortinget.

Portrett av Anna Rogstad (1854–1938) på Stortinget. Ho var den første kvinnelege stortingsrepresentanten og møtte på Stortinget første gong i 1911. Foto: Nasjonalbiblioteket / CC. BY 2.0

– Når ein trassar dei sosiale normene på eit slikt vis, må ein ha opplevd mykje hets og eg skulle ønske eg kunne høyre hennar tankar og historier.

På menyen hadde det stått sushi.

– Av den grunnen at det også var noko nytt, men at det kom for å bli. Akkurat som kvinner på Stortinget.

Likestilling

For Maja Solerød er det viktigaste som må endrast for å oppnå idealsamfunnet meir likestilling.

– Mellom religion og livssyn i verda, kjønn, legning og generelt personar. Den sosiale ulikskapen i verda er for høg.

For å oppnå dette, meiner ho alle som kan må engasjere seg, anten i ein organisasjon, i eit parti eller ved å gå i demonstrasjonar.

– Det er slik vi viser til politikarane at verda må endre seg. Ingen klarar å oppnå noko aleine, men saman kan vi oppnå mykje.

– Du vaknar opp i morgon til draumenyheita di. Kva er overskrifta?

– Viss eg hadde vakna i morgon til nyheita om at Noreg var blitt 100 prosent livssynsnøytralt, eller at ateisme ikkje lenger var straffbart nokon stader i verda, hadde eg blitt overlykkeleg.

Hobbyar

Maja Solerød synest det er viktig å vere kjeldekritisk, og prøver å halde seg oppdaterte på diverse aviser. 

– Eg les ein del digitale nyheiter på mobilen. Samstundes som at eg av og til får med meg noko på TikTok, men då er det viktig for meg å dobbeltsjekke at dette faktisk stemmer. Men eg skal ikkje legge skjul på at eg får mykje informasjon derfrå …

Mykje av fritida blir brukt på å jobbe som frivillig. Solerød, som studerer sosiologi ved Universitet i Oslo, er frivillig i ein studentbar der det er mange internasjonale studentar.

– Det er veldig gøy å skape eit godt studenttilbod og vere rundt mange gode vennar. Samstundes er eg veldig glad i å bake. Viss eg er stressa over noko så er det slik eg roar meg sjølv ned.

Sjokoladekake med "drip-kant" og lys med talet 18.

Kakebaking er ein avslappande hobby for Maja Solerød. Foto: Privat

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Sosialisering. Det er viktig for meg å vere rundt personar eg er glad i, men det tar mykje tid å finne tid til å møtast eller planlegge morosame aktivitetar, sjølv om det er noko eg elskar å gjere.

– Det å vaske klede tar også alt for mykje tid …


Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese?

Bokomslag: Electric Monkey

– Eg vil ikkje seie at alle må lese denne boka, men eg meiner ho er veldig god om du likar mysterium eller liknande, så eg må svare A good girls guide to murder.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Eg er veldig glad i sitcoms, så no ville eg anbefalt «Young Sheldon» eller «The Big Bang Theory»

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– «Another Day of Sun» frå La la land