Kan handskrifta avsløre deg?

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du nokon gong forfalska foreldra dine si underskrift? Skrive ein lapp eller brev for hand, og prøvd å levere den anonymt? Eller kanskje høyrt nokon seie triumferande: Det må vere ho som har skrive det, eg ser det på skrifta!

Er det i det heile mogleg å seie ut frå handskrifta kven som har skrive?

Spesialistar på handskrift blir oftare og oftare kalla inn som vitne. Der må dei seie noko om sannsynet for at ein bestemt person har skrive ein tekst. Ofte har dei berre nokre få linjer å gå på.

Gjer mange feil

Kristy Martire er forskar ved University of New South Wales i Australia. Foto: UNSW

– Talet feil som blir gjort, sjølv for ekspertar, er så stort at vi bør stille spørsmål til om vurderingane kan stolast på i ein rettssal, seier Kristy Martire i ei pressemelding frå springer.com.

Ho er forskar ved University of New South Wales i Australia og leia gruppa som nettopp har publisert forskinga på handskrift som bevis i retten.

Forskarane testa kor ofte ekspertar og vanlege folk klarer å finne rett person bak ulike handskrifter. Atten av deltakarane var ekspertar i handskrift som tar oppdrag for rettsvesenet (åtte av dei i USA) og 77 personar utan trening i faget (36 frå USA). Resten av deltakarane kom frå land som Australia, Canda, Nederland, Sør-Afrika og Tyskland.

På nivå med folk flest

Sjølv om resultata viser at ekspertane har eit anna nivå av kunnskap og ferdigheiter, gjorde dei det berre marginalt betre enn heilt vanlege folk. Martire og kollegaane meiner derfor ein skal vere forsiktig med å akseptere metoden utan å sjå nærare på han først.

– Vi føreslår at vi bør ha ei forsiktig tilnærming før vi godkjenner bruken av erfaringsbasert sannsyn for rettsmedisinske føremål i framtida, seier ho.