Ungdomstida er krevjande for personar som ikkje er heterofile, og veks opp på landsbygda og i mindre norske byar, viser ny rapport.

(NPK):
(NPK):

Det er særleg åra på ungdomsskulen som kan vere vanskelege for personar som er lesbiske, bifile, homofile, transpersonar eller skeive, viser rapporten Skeiv på bygda som KUN – senter for kunnskap og likestilling har utført for Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Rapporten byggjer på djupneintervju med 24 unge og unge vaksne som er eller har vore busette i lokalsamfunn med under 20 000 innbyggjarar. Den negative opplevinga av heimstaden ser ofte ut til å henge saman med erfaringar med mobbing og utestenging, og ei kjensle av å vere annleis og åleine.

– Rapporten viser kor viktig det er for oppvekstsjefar rundt om i kommunane å ta integrering og mangfald på alvor. No bør alle kommunar, saman med oss som er opptekne av mangfald, følgje dette opp, seier leiar i Skeiv Ungdom Line Halvorsrud.

LES OGSÅ: Homofile rømmer ikkje frå bygda

– Trongsyn knekkjer bygda
Intervjua vitnar i tillegg om at mange av utfordringane med å vere skeiv på bygda blir mindre med alderen, når personane byter utdanningsinstitusjon, får eit meir avklart forhold til eigen identitet og finn sosiale miljø dei trivst i.

Ein av forskarane bak rapporten peikar på at det at personar som ikkje er heterofile, synest det er krevjande å vekse opp på små plassar, på sikt kan bli eit fråflyttingsproblem.

– Manglande trivsel i ungdomstida og opplevd mangel på mangfald i lokalsamfunnet ser ut til å vere ei viktig årsak til at ungdom flyttar frå, og ikkje ønskjer å flytte tilbake til bygda. Sett på spissen, utan mangfald døyr bygda, seier forskar Helga Eggebø. (©NPK)

LES OGSÅ: FN vil ha fotballspelarar ut av skapet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE