Det slår meg når eg lyder til Voyagers gylne plate, at eg verkeleg ikkje har vore lydhøyr for variasjonsbreidda i den menneskelege musikkproduksjonen, skriv Erlend Skjetne.

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 03.06.2018 20:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Voyagers gylne plate: Songane som har reist lengst

Det har vore mykje støy i Noreg i det siste, og på planeten Tellus som heilskap. Ein kan fort bli metta, og byrja tenkje på heile den menneskelege sivilisasjonen som stussleg og meiningslaus. I slike stunder kan det gjera godt å lyde til ei gylden plate musikk.

NRK sende nyleg ein glimrande britisk dokumentar om Voyager 1. Det slo meg då at eg ikkje hadde vigd ein tanke til denne vesle romsonden på veldig lenge, og at dette eigentleg var veldig dumt av meg.

Ei helsing frå jorda

Sendt ut i 1977, segla Voyager 1 etter kvart forbi både Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun, og fekk teke ei rekkje sensasjonelle bilete av desse flotte gassplanetane og månane deira. Men ferda var ikkje over med dette, og sonden er i dag det einaste menneskeskapte objektet som har forlate heliosfæren, det enorme området som blir råka av varm gass, såkalla solvind, frå sola vår. Han har teke steget ut i den interstellare materien, det ufatteleg store «tomrommet» mellom solsystema i Mjølkevegen.

Med på Voyager 1 er ei gylden plate. Forutan ei rekkje bilete av alt frå fuglar i solnedgang til ei kvinne i ein butikk, inneheld ho eit vidt spekter av lyd: Det er ei helsing frå generalsekretæren i FN, frå eit jordisk barn, det er eit hei og god dag på 55 jordiske språk, og elles den nokså daglegdagse lyden av mangt og mykje på jorda, som vind, tore, fuglar, kvalar, menneskelege fotsteg og latter. Men mest fascinerande finn eg utvalet av musikk.

Her blir gullplata med namnet «Sound of Earth» montert på Voyager 1. Foto: NASA

Polyfoni

Dei eldste musikkinstrumenta vi kjenner til, er nokre fløyter av bein frå fuglar og elfenbein frå mammut, funne i ei hole i det sørlege Tyskland. Dei skal vera mellom 42.000 og 43.000 år gamle, så det er trygt å seia at musikken har ei lang historie hjå arten Homo sapiens. Men det slår meg når eg lyder til Voyagers gylne plate, og jamfører henne med det eg elles har i spelelistene mine på Spotify, at eg verkeleg ikkje har vore lydhøyr for variasjonsbreidda i den menneskelege musikkproduksjonen.

Chuck Berry-låta «Johnny B. Goode» er om bord på Voyager. Foto: NASA og Håkan Henriksson /CC-BY-3.0-lisens

Det ein kan kalle moderne populærmusikk er tilgodesett berre to spor på Voyager-plata, «Melancholy Blues» av Louis Armstrong & His Hot Seven og Chuck Berrys «Johnny B. Goode». Så er det ein del klassisk musikk, som ein fortryllande gavott for solofiolin av Johann Sebastian Bach, og ein ganske annan dans frå Igor Stravinskijs Vårofferet. Men over helvta av spora er variantar av folkemusikk frå alle verdshjørne. Gruppa som sette i hop plata, med den store astronomen og tenkjaren Carl Sagan i spissen, har verkeleg femna vidt: Her høyrer vi det kinesiske strengeinstrumentet guqin, panfløyter frå Salomonøyene og ei sekkepipe frå Aserbajdsjan, her syng Mbuti-pygmear i Kongos regnskog, ei kraftig kvinnerøyst frå Bulgarias fjellheim, aboriginarmenn i den australske ørkenen. Kvifor har eg aldri tidlegare høyrd på det georgiske mannskoret Rustavi, den indiske ragasongarinna Kesarbai Kerkark, eller den amerikanske evangelisten, gitaristen og gospelsongaren Blind Willie Johnson? Kvifor høyrer ein overhovudet på den moderne popen og rocken, alltid med dei same instrumenta og dei same platte tekstane, når det finst ein slik rikdom av fabelaktig musikk i verda?

Ut i tidløysa

I London kan ein vitje hovudkvarteret til komposisjonen Longplayer. Ved bruk av ein enkel algoritme som driv fram ei formidabel mengd variasjonar, med tibetanske klokkar og gongar som instrument, har dette stykket spela samanhengande sidan 1. januar 2000, og skal halde fram med å spela til 31. desember 2999, for så vonarleg å byrja om att. Ein kan sjølv gå inn på nettet og høyre det live, 24 timar i døgnet.

Gullplata med instruksjonar for avspeling. Foto: NASA

I 2999 har Voyager 1 enno berre så vidt byrja på ferda si. Han har då entra Oortskya, ein slags aller siste utkant i solsystemet vårt, men vil visstnok bruke 30.000 år på å koma igjennom dette området. Om 40.000 år er han venta å passere så nært som 1,6 lysår frå stjerna Gliese 445 i stjernebiletet Sjiraffen, utan at det vil påverke han nemneverdig. Sjansen for å kollidere med noko er forsvinnande liten, så få objekt og så mykje tomrom som det er i rømda. Med andre ord kan ferda godt halde fram i millionar, ja, milliardar av år utan at noko som helst hender med Voyager 1.

Vona er at han ein dag skal bli funnen av ein framand sivilisasjon. Sjansen er neppe stor, men vi anar jo ikkje kor vanleg eller uvanleg intelligent liv kan vera i universet. Vel så liten er vel sjansen for at det framleis finst menneske den dagen dei framande eventuelt svarar på tilnærminga vår. Uavhengig av alle desse tankane som er eit par dimensjonar for store for hovudet mitt, er det ei trøyst å tenkje på at røysta til ei peruansk ungjente, som klagar si naud over ektemannen sin, skal finnast i rømda lenge etter at vi alle er borte.

Vil du utforske innhaldet på den gylne plata, kan du til dømes gå til denne linken: http://goldenrecord.org/

Etter du har byrja å spele av songane, kan du lesa denne Erlend Skjetne-teksten: Utsikt mot det store ingenting

Eller du kan høyra plata her på Spotify: