Utsikt mot det store ingenting

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NASA har meldt at dei sit på store nyhende om Jupiters måne Europa. Denne kloten har etter alt å døme eit salt hav under overflata av is, og kanskje kan det der vera forhold for liv. Om det så berre er nokre spede amøbar, ville oppdaginga av desse amøbane etter mi meining vore den største oppdaginga så langt i historia vår. For om det finst liv på to klotar berre i det vesle solsystemet vi sjølve bur i, blir det statistisk truleg at universet bognar av liv. No har eg riktig nok ikkje tru på at NASA i den næraste framtida vil gje oss noko definitivt prov på liv på Europa. For fyrst må ein nesten få sendt noko slags apparatur dit som kan bore seg gjennom all isen, ta prøver og få analysert dei. Det vil ta lang, lang tid, sannsynlegvis så lang tid at det ikkje vil skje i laupet av mitt liv. Ein kan bli litt trist av å tenkje på det.  

Salige er dei som får seg til å tru at vi menneske allereie har vore i kontakt med såkalla utomjordiske. Dei som trur det, må ha det utruleg spennande i liva sine. Sjølv har eg vanskeleg for å tru at framande frå andre solsystem verkeleg skal ha kome heilt hit til jorda berre for å drive og lure i buskane. Eg er overtydd om at intelligent liv finst på andre klotar i universet, men fråstandane er kanskje rett og slett for store. Det er for så vidt ikkje umogleg at ein framand sivilisasjon kan finne oss ein dag, men vi for vår del har førebels småe sjansar til å finne andre. Romsonden Voyager 1, som vart skoten opp i 1977, er for augneblinken det jordiske objektet som har kome seg lengst frå jorda. Han er utom solsystemet vårt no. Men skulle han halde fram med si noverande fart heilt til Proxima Centauri, som er den stjerna som ligg nærast vår eiga sol, ville det teke om lag 76.000 år, tilsvarande kringom 2.500 generasjonar menneske. Ikkje di mindre ber denne sonden med seg ei spesiell grammofonskive av gullslått kopar, som inneheld lydar og bilete meint å syne fram livet og kulturen på planeten vår. Alt frå kongolesisk pygmésong til Beethovens 5. symfoni til Chuck Berrys «Johnny B. Goode» er representert. Målgruppa er kven som helst der ute som eventuelt, mot alle odds, kan koma til å snuble over Voyager 1.

LES OGSÅ: Tesla-sjef lovar gøyal tur til mars

Men når sjansane for nokon større suksess er så dårlege som dei er, kvifor skal vi drive og bruke enorme summar på å sende sondar ut i rommet, og speide etter planetar som kanskje kan likne jorda? Jo, fordi det gjeld å vera føre vár: Faktum er jo at menneska, om dei skal overleva, før eller sidan må koma seg langt ut i rømda. Eg er ikkje av dei mange domedagsprofetane som trur at vi menneske på eiga hand vil utrydde vår eigen art, medan berre rotter og kakerlakkar vil overleva. Vi har nådd såpass langt, at vi nok kan takle dei utrulegaste vanskar. Men ein dag vil sola vera så stor at livet på jorda rett og slett blir uleveleg varmt og tørt. Etter kvart vil ho ese ut i ein slik grad at ho går utom den noverande banen til planeten vår, som då ikkje har den ringaste sjanse til å berge. Ifylgje ny forsking vil effektane av utviklinga kunne merkjast her på jorda allereie om to milliardar år. Innan den tid bør vi helst vera godt vane med livet i verdsrommet, og det hadde jo vore gjævt om vi òg hadde funne nokre vener der ute. Sjølve tanken kan vel fortone seg som utopisk, men så var til dømes ideen om å flyge òg ganske utopisk ein gong i tida, for ikkje å snakke om ideen om ei reise til månen.

Enn så lenge kan eg arme notidige stakkar, som altså ikkje vil vera i live når alt det verkeleg spennande etter kvart skal skje, berre lene meg attende i godstolen og la fantasien vandre. Det gjer eg til dømes ved å lesa svensken Harry Martinsons episke diktverk Aniara, ei litterær perle mellom alt det merkelege oppspinnet i sjangeren science fiction. Historia handlar om ei gruppe menneske på eit romskip som eigentleg skulle til Mars, men som etter ei ulykke hamnar på ville vegar i rømda. Best av alt skildrar verket kjensla av eksistensiell desperasjon i møte med ei rømd som jo i all hovudsak er djupt, mørkt tomrom. Skal dei lange utsiktene for vår eigen art vera lysare, må vi utan avbrot halde fram med å forske på universet og alt det rommar.

 

I allt för klara rymder blickar skräcken

och genomskådar utan tankar allt.

Till skänks är rymdens glasigt klara död.

Till skänks är tomheten som underlättar

det meningslösas genomsiktlighet.

Till skänks har skräcken likt en stjärna blänkt.

Min vän, du vet för mycket utan att ha tänkt.

 

Med klarhet utan gräns har rymdens hav

när du i sömnen låg din illusion förkrossat,

och skräckens eget ljus som sol framblossat.

LES OGSÅ: Siste nytt frå verdsrommet