Skolen i framtida

Birk Bull-Hansen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg synest at vi ikkje burde ha K i KRLE. Det eg meiner med det er at vi ikkje burde ha så mykje om kristendom, som vi allereie kan bra frå før, men lære meir om dei andre religionane. Dette kan hjelpe til med å forstå andre menneske og kulturar betre. Dette er viktig nå som det er så mange flyktningar i verda. Men enda viktigare i framtida sidan alle ekspertar seier at mange fleire menneske vil bli drivne på flukt.

Dessutan synest eg at vi burde skrive meir med blyant enn med iPad eller PC. Forsking har vist at vi lærer meir når vi skriv for hand, enn når vi skriv på skjerm. Vi kan framleis bruke iPad fordi det er eit bra hjelpemiddel viss vi skal finne info og andre ting.

Ein annan ting som er viktig er å lære om klimaendringar. Klimaendringar er eit stort problem nå, og vil bli mykje større framover. Vi burde lære om kva vi kan gjere for å redusere utslepp av drivhusgassar, og kva som kan hende viss vi ikkje gjer noko med dette. Og ikkje minst korleis vi kan minske skadane av dei klimaendringane som kjem. Eg synest det kunne vere ein god ide viss vi har meir om dette i samfunnsfag.

I vår tid er det store teknologiske endringar, og det trur eg også det vil bli i framtida. Eg synest skolen burde følgje opp, slik at elevane også lærer mykje om dette.
Mange av jobbane i framtida vil truleg krevje at ein kan mykje om ny teknologi.

Mental helse er eit viktig tema vi burde lære mykje meir om i framtida. Psykiske problem er kvardagen til mange menneske. Mange opplever psykiske sjukdomar i løpet av livet, og andre kjenner truleg nokon i familien eller venner som har det. Ein burde lære at det ikkje er uvanleg, og kva ein kan gjere for å bli betre. Undersøkingar har vist at mange ungdomar slit med si psykiske helse. Noko av årsaka er alt stresset og presset dei opplever. Eg synest det hadde vore ein god idé og lære korleis ein kan roe seg ned i slike situasjonar.

Eg synest også læremetodane burde vere meir varierte i framtida. Mange elevar er urolege og lærer kan hende ikkje så bra når dei må sitje mykje stille ved pulten.
Derfor trur eg det kan vere lurt å ha litt meir alternativ undervisning, til dømes vere ute i naturen og ha undervisning i fleire fag samstundes, som naturfag, matte og
norsk.

Desse tiltaka eg har skrive om håper eg kjem til å bli noko av. Da trur skolen i framtida kan bli ein god skole som lærer elevane viktige ting.

LES OGSÅ: Slik ser framtidas skule ut, ifølgje norske elevar