Fire råd for fred i verda

Vemund Viken
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ser vi historisk på det, er ikkje krig noko uvanleg. I lang tid var Vest-Europa ein av dei regionane der ein braka saman med jamne og ujamne mellomrom. Men etter den andre verdskrigen skjedde det noko, no er militærmakt nesten heilt irrelevant i utanriks- og sikkerheitspolitikken internt i Vesten. Det er eit gode det er lett å bli vandt til, og difor er det så viktig at vi tar vare på det.

Om vi faktisk ønsker oss ei verd fri for atomvåpen, er det land som Noreg som må gå i front, sjølv om vi ikkje får gjennomslag for det med det samme.

Ei uforutsigbar verd

I eit intervju med Forsvarets forum sa Jens Stoltenberg at dialog med Russland ikkje alltid er lett, og at det er nettopp derfor dialogen er viktig. Det er ord det er verdt å lytte til. Etter annekteringa av Krim-halvøya i 2014 har Russland fått ei anna rolle i den internasjonale storpolitikken enn dei hadde før. I tillegg blir det interessant å sjå kven som kjem styrka ut av krigen i Syria, der Russland og USA støtter ulike sider.

Vemund Viken. Foto: Privat

Russland har eit ønske om å ta tilbake posisjonen som stormakt, sa avtroppande NATO-ambassadør Knut Hauge i eit anna intervju med Forsvarets forum. Noko av det same kan også seiast om Kina og Nord-Korea, som også prøver å markere seg. I tillegg kjem utfordringar som andre konfliktar, terrorisme og klimaproblemet.

Nytenking og dialog

Skal vi unngå eit nytt våpenkappløp, må vi tørre å tenke nytt i utanriks- og sikkerheitspolitikken. Vi må ha nokon visjonar og mål som ikkje alltid er lette å oppnå. Stormaktene er i stor grad låst til den politikken dei har ført i fleire år, og det er neppe dei som kjem til å ta initiativ til å endre noko. Som eit lite land med avgrensa militære ressursar har Noreg eit heilt anna handlingsrom. Om vi faktisk ønsker oss ei verd fri for atomvåpen, er det land som Noreg som må gå i front, sjølv om vi ikkje får gjennomslag for det med det samme. Internasjonalt samarbeid er ikkje ein motsetnad til politisk sjølvtillit og vilje til å tenke kritisk rundt den politikken som blir vedtatt i dei alliansane vi er ein del av.

For å konkretisere det litt meir, meiner eg at morgondagens norske utanriks- og sikkerheitspolitikk bør bygge på fire søyler:

1: Sjølvstende. Som ein småstat i utkanten av Europa kjem vi ikkje unna ein eller annan form for samarbeid, men vi bør ikkje ende der at vi lydig stiller opp på alle krigseventyra vi blir bedne med på. Vi må tørre å gjere som Bondevik; som sa nei til å delta i krigen i Irak. Når vi ser tilbake på det, ser vi at det var eit klokt val. Sjølvstende som prinsipp gjer oss også moglegheit til å ta dei litt radikale og visjonære standpunkta som forbod mot atomvåpen.

Det er billigare og betre for alle saman å snakke seg fram til ei løysing, i staden for å ta livet av kvarandre.

2: Solidaritet. Solidaritet kan definerast som å legge ned ein innsats for eit felles mål, sjølv om ein ikkje tener noko på det sjølv (i det minste ikkje i første omgang). Her er vi ganske gode frå før, men vi kan alltids bli betre. Ein solidarisk utanriks- og sikkerheitspolitikk tar tak i dei problema som skapar vald, som sult og store ulikskapar mellom folk. Å førebygge problema er både billigast og best for alle sammen.

3: Feminisme. Korkje her heime eller ute i verda er vi i mål med likestillinga, men i Noreg er vi komne lenger enn mange andre plassar. I framtida må det vere ein av dei viktigaste prioriteringane våre å gå i front for kvalitetsutdanning til alle barn, uavhengig av kva kjønn dei har. Kunnskap er eit godt bolverk mot ekstremisme og naudsynt for å skape utvikling.

4: Dialog. Den siste søyla er å løfte fram dialog som eit mål i seg sjølv, ikkje berre eit middel for å drive brannsløkking. Det er billigare og betre for alle saman å snakke seg fram til ei løysing, i staden for å ta livet av kvarandre. Dialog krev rett nok nokon formelle rammer, og dei må på plass før konfliktane startar. Det gir ein arena der ein kan snakke saman og løyse problema i ei tidleg fase.

Slik trur eg at vi skapar ei betre framtid saman.