Mange kommunar somlar med jodtablettane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Somlar med viktig tiltak mot strålefare

Tablettane kan hindre kreft i skjoldbruskkjertelen hos barn og unge som blir utsette for radioaktiv stråling. Gravide og ammande kvinner skal òg kunne få jodtablettar frå kommunen.

– Vi forstår at det tar litt tid å byggje opp eit planverk, sikre lagring og distribusjon. Så dette handlar ikkje berre om å skaffe nokre pakker med tablettar, men å sikre at dei når fram til dei som treng det når dei treng det, seier divisjonsdirektør Johan Torgersen i Helsedirektoratet til NRK.

Hovudlageret av jodtablettar har til no vore plassert i Oslo, men det har òg vore slike lager i kommunane nord for Salten og ved forskingsreaktorane i Halden og på Skedsmo.

Bergen har òg hatt eit lager av jodtablettar på grunn av aktivitetane ved Haakonsvern orlogsstasjon, som ofte har besøk av atomdrivne fartøy.

Det var kriseutvalet for atomberedskap som i fjor tilrådde å flytte det sentrale lageret av jodtablettar ut i kommunane. Bakgrunnen er at Strålevernet reknar faren for radioaktive utslepp som større enn før på grunn av fleire aldrande atomkraftverk i landa rundt oss, auka trafikk med atomdrivne fartøy langs kysten og auka terrorfare.