Onsdag skal alle mobilar ule og vibrere igjen
Klokka 12 onsdag 10. januar blir nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Varslingsprøva 10. januar blir gjord over heile landet, rundt klokka 12. Då testar Sivilforsvaret tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon». Samtidig sender politiet ut test av nødvarsel på mobil, skriv Direktoratet for samfunnsberedskap (DSB) på nettsidene sine.
Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.
Dette er andre gong at nødvarsel på mobil blir testa. Første gongen var i juni i fjor. Den gong var det fleire som ikkje fekk varselet.
– Mange av dei som ikkje fekk nødvarsel sist, hadde ikkje oppdaterte telefonar. Vi minner derfor spesielt om at for å kunne få nødvarsel på rett måte, så må du ha ein nyleg oppdatert mobiltelefon, seier direktør Elisabeth Aarsæther i DSB.
For å unngå varselet må du slå av telefonen eller setje han i flymodus frå klokka 11.55 til 12.15 same dag.
● Les også: Mållagsleiar sakna nynorsk naudvarsel