Alle fylke får mobbeombod
I haust får alle fylke i landet eit mobbeombod. Ordninga er eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunane.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er glad for at absolutt alle fylke frå hausten 2018 får mobbeombod. Dei skal hjelpe og rettleia barn, elevar og foreldre i saker som gjeld vern mot mobbing og å skape eit betre barnehage- og skulemiljø, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Fleire fylke har allereie eigne mobbeombod. Frå hausten av får alle fylke eit slikt ombod for barn og elevar i barnehage og grunnskule. Den nye ordninga skal sikre at mobbeomboda får jobbe uavhengig av skuleeigar, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Ordninga er frivillig for fylkeskommunane, men alle fylka vil delta i ordninga. Ombodet blir finansiert som eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunane. Staten bidreg med 250.000 kroner frå hausten og 500.000 kroner neste år per fylke.
Ordninga kom på plass i eit samarbeid med KrF om budsjettet for 2018. (©NPK)