Skam-fans lærer norsk
Amerikanske Skam-fans lærer norsk for å forstå serien på original-språket.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ivrige fans lærer seg norsk for å forstå den norske utgåva av Skam.
NRK Dagsnytt intervjua amerikanske Tammy Lynn Gilmore frå Austin i Texas, der den amerikanske versjonen skal spelast inn.
– Skam! Eg elskar Skam, svara ho på spørsmål om kvifor ho har lært seg norsk.
Gilmore held fram nokre linjer på norsk, før ho slår over på amerikansk og held fram med å lovprise TV-serien.
– Fantastisk at Skam har betydd noko for folk frå så ulike land
Serieskapar Julie Andem skal ha regien når serien skal spelast inn i USA. Det er produksjonsselskapet XIX Entertainment som skal produsere den amerikanske versjonen av SKAM. Selskapet står blant anna bak «Idol» og «So You Think You Can Dance», og Simon Fuller som eig selskapet, var mannen bak popgruppa Spice Girls.
I haust vart det kjent at Facebook si nyoppstarta TV-teneste «Facebook Watch» har sikra seg retten til å vise den amerikanske versjonen av serien.
Skam var opprinneleg tenkt for eit norsk publikum, men prosjektleiaren er glad for at det engasjerer internasjonalt.
– Det er fantastisk å høyre folk frå så ulike land seie at Skam har betydd noko for dei. For meg er det største å sjå at menneska er så like, seier prosjektleiar for serien i NRK, Marianne Furevold-Boland.
LES OGSÅ: Ulrikke Falch trekkjer seg frå bloggkåring