Fotballserien «Heimebane» hadde premiere på bortebane i Berlin – no ventar norske sjåarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Og allereie er innspelinga av andre sesong med «Heimebane» i gang: den starta 13. februar – på ny i Ulsteinvik.

– Eg har gjort noko TV frå før, men det er nytt for meg å få jobbe med ein karakter over så lang tid. Det har tatt meg mange steg vidare å jobbe med så flinke folk, roser Carew motspelaren Ane Dahl Torp overfor Romerikes Blad.

Han spelar ein tidlegare fotballproff som vender heim til Noreg, og byrjar på eliteserielaget Varg i Ulsteinvik der han er lovd rolla som spelande trenar. Men så går trenarjobben til Dahl Torps karakter – som blir historisk som første kvinnelege trenar på eit herrelag på toppnivå.

Dermed blir det bråk mellom dei to – i ti episodar utover våren.

Håpar å få selt internasjonalt

John Carew spelar ein av hovudrollene i den nye NRK-serien «Heimebane», som har premiere 4. mars. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK

John Carew spelar ein av hovudrollene i den nye NRK-serien «Heimebane», som har premiere 4. mars. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK

– Då byrjar maktkampen og intrigane. Då må ho ta omsyn til meg og alle dei små fellene eg legg ut for henne, seier Carew til NRK om rollefiguren sin.

Ane Dahl Torp meiner temaet som vert teke opp er eit veldig godt utgangspunkt for ein TV-serie, og synest det er eit godt og spennande manus som Johan Fasting har levert.

Det er produksjonsselskapet Motlys som saman med NRK lagar «Heimebane», og som i kjølvatnet av ei god mottaking i Berlin også håpar å få selt internasjonalt. Budsjettet til serien er på 70 millionar kroner.

Regissørar har vore Arild Andresen, Cecilie Mosli, Stian Kristiansen, Yngvild Sve Flikke og Eirik Svensson.