Påskehøgtida har ingen sju slag eller faste dessertar, men djupt i den norske folkesjela ligg påskebehovet for sjokolade og kakao.
mm

Det norske forbruket av kakao og kakaoprodukt var 6,2 kilo i 2016, mens sjokoladeforbruket per nordmann var 9,3 kilo. Nivået har vore temmeleg jamt dei siste ti åra, men før det var det ein auke.

– Folk er veldig glad i sjokolade i Noreg, det dekkjer kosebehovet vårt på ein glimrande måte, særleg til tider der vi ikkje har kaketradisjonar, seier kommunikasjonssjef Robert Rønning i Nidar til NTB.

Påska er ei tid der nostalgien og tradisjonane står sterkt og vi har stort behov for sjokolade- og kakaokosen. Godterisalet ligg 30 prosent over årssnittet i perioden før påske, ifølgje Rønning.

– Vi sel rundt 20 millionar små og store påskefigurar i sjokolade og marsipan til påske. Ei undersøking vi ha gjort viser at 40 prosent av dei som et marsipan, ikkje klarer å sjå for seg påska utan. Ein skal ikkje kimse av norske påskevanar, seier Rønning.

Sunt? Nja, eg vil ikkje seie det, seier Svein-Magnus Sørensen. Norges første sertifiserte sjokoladesmakar. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Kvasisunt

Dei siste åra har sjokolade- og kakaosalet i verda fått ein dytt av fleire trendar. Nytings- og gourmettrenden inkluderer kvalitetssjokolade med eksklusive ingrediensar og aroma. I tillegg kjem eit medvett rundt rettferdig handel og berekraftig dyrking av kakaobønner, og sist, men ikkje minst: Helseaspektet. Kakaobønner inneheld massevis av antioksidantar og blir påstått å vere bra for hjarte, hjerne og å motverke blodpropp. Plutseleg er sjokolade blitt sunt?

– Nja, eg vil ikkje seie det. Kakao inneheld ekstremt mange stoff som er bra for kroppen, men i ei vanleg plate mjølkesjokolade er det ikkje så mykje kakao. I tillegg er det mykje sukker og feitt. Så ein liten bit mørk sjokolade om dagen kan vere sunt, men å få i seg store mengder mjølkesjokolade er ikkje det, seier Svein-Magnus Sørensen.

Han er Noregs første sertifiserte sjokoladesmakar, veldig glad i sjokolade og ønsker å gi folk ei forståing for kva sjokolade kan vere, utover dei godteriprodukta som det blir selt mest av.

– Smak og kvalitetstrenden gjeld i Noreg også. Då eg begynte for ti år sidan, var det nesten ingen som kjente til dette, seier han.

Suksessingrediens

Sjokolade fell så godt i smak at den ofte blir tilsett andre produkt. Det begynte med sjokoladesmak på is, sjokoladekjeks og sjokoladekaker. Så begynte ein å dytte nøtter og tørka frukt i sjokoladen.

– Det er faktisk ikkje så lenge sidan ein begynte å dekke marsipan med sjokolade, og det er blitt ein større suksess enn rein marsipan er, påpeikar Sørensen.

Rønning i Nidar bekreftar dette.

– Til påske har vi berre marsipan dekt med sjokolade. Til jul har vi nokre utan. Men den med sjokolade har eit større publikum, det er det ingen tvil om, seier han.

Sørensen understrekar at sjølv om vi likar å prøve noko nytt i Noreg, er det lite som kan slå nostalgien vår ved høgtidene.

– Både vi, foreldra og besteforeldra våre har vakse opp med dei same sjokoladane, og er veldig tru mot dei, seier han.

Oppdatert: sundag 25. mars 2018 20.16

LES OGSÅ

ANNONSE